Simuleringsbygget svarer på framtidas behov

Intensjonen bak Simuleringsbygget i Haugesund er midt i blinken for kva regjeringa ønskjer seg, meiner forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes.

Tysdag 22.september var ho til stades under den offisielle opninga av Simuleringsbygget. På førehand hadde statsråden kikka innom nettsidene til HVL og la ikkje skjul på at ho vart imponert over studietilbodet.

Frå venstre prosjektleiar Knut Kismul, forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes og rektor Gunnar Yttri. Foto: Terje Rudi/HVL

- HVL tilbyr studium som vi trenger innan helse, teknologi, tryggleik og beredskap. Dette er gode studium nært knytt til arbeidslivet og er praksisnære ved å ha eit simulatorsenter, sa ho og la til at dette er midt i blinken for korleis ein legg til rette for å gi god utdanning i Norge.

Statsråden kom også med sin eigen nyheit til besøket i Haugesund. Les meir her.

Eit viktig steg for å bli universitet

Draumen om eit nybygg stammar frå tida før fusjonen og etableringa av HVL. Sommaren i år var bygget realisert og omsider «i hamn». Nesten 4.500 flunkande nye kvadratmeter med nytt maritimt simuleringssenter, ny og større simuleringsarena for helsefag , nye læringsareal med stort auditorium og fleire undervisingsrom, og nye kontor for tilsette. Foran inngangen til bygget er det laga til parkanlegg og vasspegel.  

Foto: Terje Rudi/HVL

Kunstverket «Interior Landscape», signert kunstnar Robel Temesgen, pryder trappeløpet i det såkalla Hjarterommet gjennom nybyggets tre etasjar. Haugesunds historie og tilknyting til Nordsjøen har vore eit viktig utgangspunkt for de store veggmaleriene i trappeløpet i nybygget.

Rektor Gunnar Yttri understrekte i talen sin kvifor det var viktig for HVL å bygge nytt i Haugesund.

- Kvifor satsar HVL , kvifor tek HVL dette økonomiske løftet? Fordi me bygger Universitetet på Vestlandet. Fordi det er våre studentar i profesjons- og arbeidslivsretta utdanningar som formar framtida. Fordi det  er våre lærarar som utviklar den aller beste undervisninga - frå korte innføringskurs til doktorgradsutdanning. Fordi det er våre forskarar som gjer småe og store gjennombrot og oppdagingar. Fordi me formidlar lokalt, publiserer internasjonalt og aukar kunnskapsallmenningen. Fordi me har ein profesjonell administrasjon som legg gode rammer for det heile. Fordi me står i nært og forpliktande samarbeid med offentlege og private verksemder rundt oss.

Menneska i bygga

Ordførar i Haugesund, Nils Konrad Bua, la ikkje skjul på at han synest det er stas at det blir satsa meir på campus Haugesund.

Ordførar i Haugesund, Nils Konrad Bua, er ein god støttespelar for HVL og studentane i byen. Foto: Terje Rudi/HVL

- Dette er ein skikkeleg god dag for Haugesund, det er så gøy at de satsar her. Det viktigaste i bygga er likevel menneska. HVL-studentane fyller byen vår med liv. Haugesund er mykje meir levande og kjekkare når studentane er ein del av kvardagen vår, sa han i sin tale.

No kan det berre gå framover og oppover med det som blir kalla for «Kunnskapshøgden» i Haugesund, meiner Bua.

- No får me berre håpe på at det snart også kjem ei gangbru mellom HVL og Helse Fonna, la han til.

Meir levande campus

Campustillitsvald Amanda W. Skaar håper at satsinga vil føre til eit meir levande campus i Haugesund.

- Det er stas at vi har fått eit topp moderne simuleringssenter og eg håper at nybygget vil gjere at fleire studentar ønsker å være meir på campus, sa ho i sin tale.

I tillegg skal studentane få nye ombygde lokalar i hovudbygget, mellom anna studentareal og studentbar. Statsråd Fugelsnes måtte gjerne komme tilbake for innviing av den nye baren, meinte Skaar.

Mimra om eigen studietid i Haugesund

Direktør for prosjektutvikling og -gjennomføring i Statsbygg, Geir Graff-Kallevåg, er sjølv utdanna ved campus Haugesund, med ein bachelorgrad i brann og sikkerheit frå år 2000. I sin tale mimra han tilbake til studietida:

- Som student fekk eg kjenne på kor mykje eit slik høgskulebygg betyr. Det første halvanna året løp vi rundt i byen og hadde undervising i leigelokalar. Det siste halvanna året frå 1999, fekk vi lov til å ta i bruk det nye høgskulebygget. Det var ein skikkeleg opptur og gjorde veldig mykje for både studiemiljøet, kvaliteten og tilhøyrsla. Så når eg står her i dag vender eg med andre ord tilbake til eit kjent og kjært miljø, sa han og syntest det er stas å kunne bidra med høgskulens nye framtidsretta og miljøvennlege bygg. Direktør for prosjektutvikling og -gjennomføring i Statsbygg, Geir Graff-Kallevåg, er sjølv tidlegare student ved den opphavelege høgskulen HSH i Haugesund. Foto: Terje Rudi/HVL

Nybygget er bygd i tråd med kravet om passivhus, med tak dekket av sedum som på sikt også vil få solceller. Bygget er i massivtre over bakken og lavkarbonbetong i konstruksjonen under bakken.

-HVL har fått nye undervisningsareal og ein del nye, tidsmessige arbeidsplassareal for dei tilsette. Som direktør er eg stolt over at prosjektet er levert på tid, kost og kvalitet, la han til.