Sissel Rosland har fått opprykk til professor

Om Sissel Rosland hadde ubegrensa med tid ville ho forska på forholdet mellom skule, stad og lokalsamfunn eller politisk mobilisering i tidlege demokratiseringssrørsler. Helst begge deler.

Kva forskar du på?

– Eg har særleg arbeidd innanfor moderne politisk historie, knytt til to hovudområde: 1) konflikta i Nord-Irland og 2) betydinga av internasjonale døme i politisk mobilisering i perioden 1820-1920 med utgangspunkt i irske og britiske politiske rørsler sin bruk av Noreg som førebilete. I tillegg til dette har eg også publisert innanfor teori og metode, historiografi og kjønnsteori. 

Korleis starta forskarkarrrieren din?

– Ja, det var ikkje akkurat planlagt. Eg var ferdig med hovudfag i historie på UiB og kjende lite til korleis ei akademisk karriære såg ut, men blei oppmoda om å søke dr. gradstipend. Og eg hadde ei sterk interesse for faget og veldig lyst til å fortsette med studiane. Så fekk eg ei undervisningsstilling på dåverande Historisk Institutt, ei stilling eg treivst veldig godt i. Og etter eit par år blei eg stipendiat der. Eg disputerte i 2004 og var i ulike forskings- og undervisningsstillingar på UiB fram til 2010 då eg fekk ei midlertidig stilling på samfunnsfagseksjonen i lærarutdanninga ved dåverande Høgskulen i Bergen. I 2013 søkte eg og fekk ei fast stilling som fyrsteamanuensis i moderne historie ved høgskulen, ei stilling eg har vore i fram til nå. For meg har undervisning og rettleiing alltid vore veldig viktig og noko som er ei konstant kjelde til fagleg inspirasjon. Det passa meg derfor svært godt å få arbeid innanfor lærarutdanninga.

Kan du trekke fram eit eller fleire forskingsprosjekt som du jobbar med no?

– Eg er ikkje så flink til å begrense meg, så eg held ofte på med litt for mange ting på ein gong. Den siste tida har eg arbeidd med tre ting: 1) debattar om handteringa av fortida i skule og samfunn i Nord-Irland etter fredsavtala i 1998, 2) forståingar av forholdet mellom fagkunnskap og praksis i prosessen og debattane som leia fram mot innføringa av den 5-årige lærarutdanninga og 3) historia om Helga Gill frå Bergen som arbeidde i den britiske stemmerettsrørsla før den fyrste verdskrigen og som verva seg til teneste ved eit sjukehus i Frankrike under krigen.

Dersom du fekk frie tøylar, ubegrensa med midlar og tid – kva ville du forska på då?

– Det er vanskeleg å velje ut, for det er så mykje eg syns er interessant. Men det er kanskje to ting som peikar seg ut. Det eine er eit tema som me er fleire på samfunnsfagseksjonen ved FLKI, campus Bergen som har snakka om å lage eit større prosjekt på, nemleg forholdet mellom skule, stad og lokalsamfunn, både i samfunnsmessig og samfunnsfagdidaktisk kontekst og i eit komparativt perspektiv. Eit slik prosjekt kunne inkludere ei rekkje problemstillingar knytt til mellom anna identitet og tilhøyrsle, mangfald og integrering, materielle aspekt og unges bruk av staden, sosioøkonomiske skilnader, gettoisering og lokalpolitiske prosessar. 

Det andre temaet eg vil trekke fram er politisk mobilisering i tidlege demokratiseringssrørsler. Korleis menneske med lange og krevjande arbeidsdagar, svært lite ressursar og ofte utan leseferdigheiter blei politisert og kom saman i kollektive rørsler, er eit spørsmål som aldri sluttar å interessere og fascinere meg. Og eg meiner at ei transnasjonal og komparativ tilnærming her ville kunne tilføre feltet nye perspektiv. Eg er også opptatt av at den tidlege demokratiske mobiliseringa og dei kollektive rørslene bør få ein større plass i demokratiundervisninga i skulen og lærebøkene, og kunne tenke meg å utvikle dette.

Sissel Rosland er med i tre forskargrupper: Mangfald og integreringCOMPARE (Comparative perspectives in education in Southern Africa and Northern Europe) og Profesjon, organisasjon og politikk.

Vi gratulerer med opprykket!