Skal sette spor i samfunnet

«Kunnskap som bygger menneske og samfunn». Dette er HVL sin visjon, henta frå den ferske strategien for perioden 2019-2023.

– No har vi fått på plass den første strategien vår og med det har vi fått felles rammer og retning. Dette er eit tidsskilje for HVL, seier Berit Rokne.

Ei forpliktande haldning til omverda

Den overordna ambisjonen er klar: HVL skal bli eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet, som skal sette spor i samfunnet.

– Den profesjons- og arbeidslivsretta profilen inneber ei forpliktande haldning til samfunnet og til samfunnet rundt oss. Varemerket vårt er kompetente kandidatar som har kjennskap til og innsikt i arbeidslivet vi utdannar til, fortel Rokne.

HVL er ein av dei største høgskulane i landet og har mellom anna den største lærarutdanninga. I prosessen fram mot strategien har det vore vesentleg å få synleggjort og ivaretatt det regionale perspektivet.

– Vestlandet er regionen vår, og vi skal vere ein viktig skapande faktor i utforminga av Vestlandet. Målet med fusjonen har heile tida vore å realisere potensialet som ligg i større og meir solide fagmiljø, understrekar Rokne.

Framleis tett på

I arbeidet med strategien har høgskulen vore opptatt av å ha dialog med studentar og tilsette, og å hente innspel frå eksterne samarbeidspartnarar. Det å vere tett på har vore ein viktig del av identiteten til dei tidlegare høgskulane, og dette perspektivet har det vore viktig å ta med vidare.

– «Tett på» står for nærleik mellom studentar og tilsette og mellom høgskulen og arbeidslivet. Vi arbeider praksisnært og skal vidareutvikle studietilbodet til beste for regionen, seier Rokne.

Strategien til HVL er det overordna og styrande dokumentet for verksemda, og rektor Berit Rokne legg ikkje skjul på at ho er fornøgd med resultatet.

– Dette gir oss eit godt grunnlag til saman å bygge det profesjons- og arbeidslivsretta universitetet vi skal bli. Det er ei glede å ta den i bruk!