Skrivefestival på biblioteket

Tekstlikskap, plagiat eller fusk? Bibliotekets skrivefestival våren 2024 går inn i vinterens store debatt. Kva er mitt og kva er ditt og korleis balanserer vi kjeldebruken utan å komme i opphavsrettsleg uføre?

Få særleg med deg debatten Ut og stjæle tekster med innleiinga Akademisk (ansvarsfra)skriving torsdag 21. mars. 

I innleiinga stiller Stefan Fisher-Høyrem frå Universitet i Agder spørsmålet om kven sitt ansvar det er å lære oss akademisk skriving. Deretter blir det debatt med følgande panel:

  • Christine Øye, prorektor for forsking, HVL
  • Alexander Papas, fag- og forskingspolitisk ansvarleg, Studenttinget på Vestlandet
  • Ingunn Rødland, fagleg leiar for utdanningsstøtte, Universitetsbiblioteket i Bergen
  • Asbjørn Grønstad, professor i Visuell kultur, UiB

Debattleiar er Kristoffer Jul-Larsen, førsteamanuensis, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking og Skrivesenteret HVL.

Fullstendig program for alle campus.