
Søk om støtte dersom du har ein god idé til eit innovasjonsprosjekt
HVL lanserer no Program for idéutvikling der formålet er å støtte innovasjonsprosjekter i tidleg fase.
For å vise at ein idé, metode eller konsept har potensial til å gjennomførast, kan det vere naudsynt å teste ut idéen eller innovasjonsprosjektet. HVL ønsker å støtte økonomisk opp om gode idear som kan nyttiggjerast til det beste for samfunnet.
– Program for ideutvikling ved HVL representerer ein unik moglegheit for både vitskapelege tilsette og studentar som ønsker å utforske, teste og vidareutvikle spennande innovasjonsidear. Vi legg ein brei innovasjonstilnærming til grunn, og programmet appellerer derfor til alle fagmiljø ved HVL, seier prorektor for forsking, Gro Anita Fonnes Flaten.
– Eg ønsker å invitere alle tilsette og studentar med en innovasjonsidé i magen til å søke midlar under dette programmet, seier ho.
Kven kan søke, og kor mykje kan du søke om?
Både tilsette og studentar kan søke om økonomisk støtte gjennom programmet.
Søknadsfristen for denne utlysinga er 6. juni 2022.
Bachelor- og masterstudentar kan søke om 30-100 000 NOK per prosjekt. Ph.d-studentar og andre vitskapelege tilsette kan søke om mellom 100-500 000 NOK per prosjekt.
HVL legg til grunn ei brei tilnærming til innovasjon, der både sosial innovasjon, tenesteinnovasjon, innovasjon i offentleg sektor, prosessinnovasjon og andre former for innovasjon vil vere aktuelle, inkludert prosjekt som kan ha kommersielt potensial.
Ein komité med eksterne aktørar vil vurdere dei søknadene som tilfredstiller dei formelle krava til ein slik søknad.
Les meir om Program for idéutvikling ved HVL, og finn vurderingskriteriar, søknadsskjema med meir.