Spennande utvikling av campus Stord

Kjøkkenhage, gapahuk, læringslab, studenthus og ny moderne møblering inne og ute er noko av det som skjer på campus Stord. – Det skjer mykje bra og meir er på gong. Veldig positivt, fortel einingsleiar Haakon Georg Moe i avdeling for arealforvalting, drift og utvikling på HVL.

Han visar oss rundt på campus. Store og små prosjekt. Noko er fullført. Andre ting er i sluttfasen og andre ting ligg på beddinga.

- Dette spring ut i frå campusutviklingsprosjektet og den handlingsplan som vi la. Det er veldig gøy å jobbe med dette. Engasjementet er stort og det er kjekt med mange positive tilbakemeldingar. Studentar og tilsette ser at det skjer noko.

Jobbar saman

Haakon Georg Moe fortel om eit godt samarbeid mellom fag, administrasjon, Stabsbygg, Samskipnaden, vertskommune og studentane.

- Vi får til mykje bra når vi jobbar saman. Det handlar om å skapa ein levande campus for dei som studerer og jobbar her. Men og for lokalsamfunnet rundt oss. Vi ønskjer å opne meir opp slik at campus og kan nyttast av endå fleire. Kor finn du finare uteområde enn nettopp her? spør bergensaren som har gjort bømling av seg.

Unike kvalitetar

Stord er som kjent høgskulen sin eldste campus med røter tilbake til 1866 på Rommetveit.

- Vi er stolte over campusen vår og den har unike kvalitetar. Samstundes er det også krevjande å vedlikehalde og utvikle. Men først og fremst er det veldig spennande.

- Det å finne fram til gode løysingar som tek i vare historia vår og som og tek opp i seg den nye tida er artig å jobbe med. Vi treng gode arbeidsplassar og læringsmiljø. Det må vera attraktivt å koma til og opphalde seg på campus.

Den driftige einingsleiaren seier det er givande å ha mange prosjekt i gang.

- Det kan jo bli litt vel mykje når ting drar litt ut, men eg synest vi kjem bra i mål med mykje. Ein stor og flott bygningsmasse og fine uteområde krev at vi held koken oppe.

Legg midlar i arbeidet

Han ramsar opp noko av det som skal være ferdig til jul: opprusting av aulaen med nytt golv, læringslab i 2. etasje i undervisningsbygget, og eit såkalla «green-room» i kjellaren i same bygg.

- Vi har store og små prosjekt. Til saman blir det veldig bra. Til våren håper vi mellom anna å ha ferdig nytt drivhus/høgskulehage, gapahuk og tørkerom for dykkardrakter. Dette etter ønskje og innspel frå fagmiljøa.

Tenker på fleire prosjekt

Einingsleiar Moe ser framover og har følgjande prosjekt på ønskelista:

  • Oppussing av vrimleareal og Anneksbygget
  • Nytt kunstgras på fotballbanen og nytt sjønaust i Prestegardsvikjo.
  • Eige lagerbygg for oppbevaring av driftsmidlar. Tomt er allereie peika ut.

- Dette ligg nok litt fram i tid.

- Men la det vera sagt. HVL satsar og legg ein god del midlar i dette. Noko kjem gjennom campusutviklingsprosjektet, men Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett bidrar også mykje. Og Statsbygg tek sitt. Dei planlegg ny ventilasjon i 2. etasje i biblioteksbygget til neste år, og aulaen er planlagt rehabilitert i 2023.

Må ta oss tid

På rusleturen gjennom campusrområdet peiker og kommenterer Haakon Georg Moe ustanseleg. Han glødar for campusen og ser fram til at Stord blir ein universitetscampus.

- Eg synest det skjer mykje positivt og det er kjekt at fleire engasjerer seg. Eg er jo litt utolmodig og vil at ting skal gå litt fort, men vi må og gi oss den tida det tar. Det har eg lært meg.

- Uansett så gir dette arbeidet oss i avdeling for arealforvalting, drift og utvikling god energi. Eg vil spesielt takke Kari Grutle Nappen, Jørgen Endseth Nerland og Kajsa Nordstrøm for innspel og bidrag. Dei er gode pådrivarar og ser heilskapen i ting.

- Ein gapahuk kan brukast som eit utandørs klasserom, men og som ein møteplass for lokalsamfunnet og andre. Vi vil at folk skal ta i bruk campusen vår meir og då er ein stor og fin gapahuk bra. Vi har blinka oss ut to aktuelle lokasjonar nedst mot sjøen, seier Haakon Georg Moe. Denne plasseringa som biletet viser er første ønske. Viss ikkje det let seg gjera ønskjer ein ei plassering litt lenger opp i retning av barnehagen.

Det er ein slik gapahuk HVL har kjøpt inn og vil plassere i skulehagen. Den heiter «KNUTABRUO» og arkitekt er Jan Haaland i frå Os. Foto: Jan Petter Svendal.

Det nye studenthuset Granheim opna for kort tid sida. Dette er ei spennande kombinasjon av nytt bygg som er bygd i lag med eksisterande bygg. – Eg synes dette er gjort på ein fin måte med universell utforming. Inntrykket er at studentane også er nøgde. Eit fint løft for campus Stord.

Nytt og flott aktivitetsrom for studentane i det nye studenthuset midt på campus.


Utanfor hovudinngangen vert det lagt opp til «parkering» for EL-sparkesyklar og det kjem nye moderne utemøblar. Det vil og bli lagt til rette for storsjakk og anna aktivitet. (Illustrasjon).