Startskot for campusutvikling i Førde

Over 60 deltakarar frå HVL og Sunnfjord-regionen var samla til digitalt avspark for campusutvikling i Førde. No startar arbeidet med ein handlingsplan for campus Førde.

Høgskulen på Vestlandet er i gang med campusutviklingsprosjekt ved alle dei fem campusane, der Førde er nest ut i rekka etter Stord.

-I Førde vil vi legge stor vekt på samspelet som HVL har med omgivnadene og arbeidslivet i regionen og vi håpar å få fram korleis vi kan styrke og utvikle den profilen vi har i dag. Vi ynskjer å møte behova som samarbeidspartnerane våre har både med tanke på samarbeidstema, tema for utdanning og forsking, praksisplassar og framtidig arbeidskraft, seier Paul J. Manger, prosjektleiar for campusutvikling i HVL.

HVL har ei viktig rolle i distriktet

Den digitale campusverkstaden i Førde gjekk over to halve dagar denne veka og deltakarlista var breitt samansett. Her deltok HVL sine leiarar og tilsette ved campus Førde, i tillegg til sentrale bedrifter, aktørar og støttespelarar i nærregionen.

Victor Norman innleia verkstaden med å fortelje om korleis høgare utdanning er ein av dei største truslane for distrikta, men også ein av dei store mogelegheitene. Norman har leia Demografiutvalet som slår fast at utdanningsinstitusjonar er ein viktig føresetnad for vekst i regionen dei ligg i.

-HVL har ei viktig rolle og eit stort ansvar med fem campusar, nokre av dei i distrikts-Noreg, sa han.   

Kan samarbeide tettare med næringslivet

Ein annan som heldt innlegg var Edgeir Aksnes i gründerbedrifta Tibber.  

-Vi er avhengig av tilgang på rett kompetanse for å lukkast. 40 prosent av kompetansen vi ser etter er teknisk kompetanse, sa han.

Det digitale straumselskapet med hovudkontor i Førde har planar om å vekse kraftig dei neste åra. Aksnes vil gjerne samarbeide endå tettare med HVL, og nemner deltidsjobb for studentar og praksisopphald som gode døme på samarbeid det kan verte meir av.  

-Vi har eit stor unytta potensiale i å samarbeide endå betre med bedriftene og organisasjonane rundt oss som til dømes Tibber, Norec og Sunnfjord kommune. Her ligg det store mogelegheiter, sa prorektor for forsking Gro Anita Fonnes Flaten.  

Ta høgde for endring i bransjar

-Utdanningane til HVL må dekke kompetansebehovet til bedriftene i regionen. Endringar og større merksemd på berekraft og nullutslepp utfordrar eksisterande verdikjeder, og det er viktig å forstå korleis dei nye verdikjedene påverkar næringsutviklinga, sa Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean i Florø.

-Eit eksempel er satsinga på hydrogen i maritim sektor. Aktørar som vi tidlegare oppfatta berre som straumleverandørar er no blitt ein viktig premissgjevar og ein sentral aktør i den nye verdikjeda for maritim sektor.

Utfordringar med rekruttering  

Både sjukepleiarutdanninga og ingeniørutdanninga ved campus Førde har i stor grad eit godt omdømme, men det at ingeniørlinjene slit med rekrutteringa vart av mange trekt fram som ei utfordring. Det vart også peika på at eit heilskapleg tilbod på campus med master og PhD vil trekke til seg både fleire studentar og fagfolk.        

-Studentrekruttering er det viktigaste for alle campusane våre. Utan studentar har vi ingen høgskule, sa rektor ved HVL Gunnar Yttri.

Han meinte campus Førde har mykje å hente på å dyrke fram det tverrfaglege samarbeidet mellom helse og teknologi. Dekan på Fakultet for helse- og sosialvitskap Randi Skår var einig.

-Vi må utnytte potensialet som ligg i å samarbeide i eksisterande fagmiljø. Samtidig må vi etablere nye møtepunkt mellom høgskulen og omgjevnadane, sa ho. 

Ho meinte ein bør komme fram til ein profil knytt til campus Førde.

-Vi må finne identiteten til campus Førde og få fram styrkene våre.  

Ordføraren vil ha nytt bygg i Førde sentrum

Ordførar Olve Grotle saknar at høgskulen er meir fram i skoa og har ei klarare stemme i kontroversielle saker.

-Kva rolle kan for eksempel høgskulen spele dersom det kjem gruvedrift i Vevring? Og korleis vil høgskulen agere dersom det kjem ein batterifabrikk i regionen vår?

Ordføraren hadde også eit anna ynskje for Førde som framtidig studentby, nemleg ein ny campus i Førde sentrum.

-Avstanden mellom campusen på Vie og Førde sentrum er for stor. Studentane etterlyser ein meir levande studentby og dei ynskjer å vise att i bybildet. Eit nybygg vil også ha mykje å seie for attraktiviteten til Campus Førde, og for interessa frå samarbeidspartnarar og næringsliv, sa Grotle.

Vegen vidare for campus Førde

No startar jobben med å ta vidare alle forslaga og synspunkta som kom fram under verkstaden. Ei overordna arbeidsgruppe er oppnemnd for prosjektet, der alle fire fakulteta, administrasjonen, studentar og tillitsvalde er representerte. Arbeidsgruppa skal sørge for at ideane og innspela som kom fram i verkstaden blir vidareutvikla, og at konkrete tiltak for utvikling av campus blir sett i verk. Gruppa har dessutan ansvar for at aktørane frå arbeids- og samfunnsliv i regionen blir involverte i det vidare utviklingsarbeidet på campus Førde.  

Det er etablert tre prosjektgrupper i fakulteta FIN og FHS og for administrative tenesteområde. Desse skal bidra til arbeidsgruppa sitt arbeid. Prosjektgruppene er ansvarlege for dei konkrete tiltaka, og skal gjennom eigne prosjektarbeid utvikle ein tiltaksplan med profil for campus Førde.

Rapport og tiltaksplan for campus Førde skal leggast fram for strategisk leiargruppe i mai 2021. Det er handlingsplanane for alle dei fem campusane som til sist dannar grunnlaget for HVL sin campusutviklingsstrategi.   

-Verkstaden har vore startskotet og no tar arbeidet til. Dette blir viktig for campus Førde, men også for heile HVL. Campusane våre skal vere attraktive for studentar og tilsette, og arbeids- og samfunnsliv skal ha eigarskap til campusar med tydelege profilar, avslutta prosjektleiar Paul J. Manger. 

Campusutvikling for campus Førde har ei eiga nettside. Her vil det komme informasjon etterkvart som prosjektet skrid fram.