Statsråden med stor interesse for universitetsbygginga

Korleis bygge framtidas universitet og korleis ta vare på det beste frå høgskulen? Dette var eit av mange spørsmål som blei diskutert då statsråd Ola Borten Moe og statssekretær Oddmund Hoel gjesta Høgskulen på Vestlandet og campus Sogndal fredag 11. mars.

- Det er flott å få til eit møte her i Sogndal. Vi veit at vi gjer ein skilnad i regionen til liks med våre campusar i Førde, Bergen, Stord og Haugesund. Vi bygger på Vestlandet og har ein viktig plass i Noreg og vi er internasjonale i vår verksemd, sa rektor Gunnar Yttri då han ønska statsråden og statssekretæren velkommen.

Står klar for Ukraina

Krigen i Ukraina var første tema under møtet. Rektor understreka at HVL har sendt brev til Kunnskapsdepartementet kor ein har vist til både studietilbod og andre tiltak som kan vera viktige bidrag i ein krevjande situasjon.

- Vi skal gjera vårt for å hjelpe og har alt kartlagt våre utdanningstilbod som kan vera aktuelle og relevante. Vår geografiske spreiing og vår arbeidslivsretta profil med den tette kontakten med samfunnet rundt oss gjer oss godt rusta til å bidra. Våre verdiar forpliktar.

Utviklar det beste frå høgskulen

Eit anna viktig tema var det nye universitetet på Vestlandet. Statsråd Borten Moe var oppteken av å høyre meir om korleis HVL vil jobbe for å behalde det praksisnære og samfunnsrelevansen i faga.

- Vi skal skape ein ny type universitet som bygger på det beste frå høgskuletradisjonen. Her er det ein styrke at vi har fem campus og er praksisnære. Vi er godt rusta og rigga gjennom vårt faglege fellesskap og vi utviklar ein god og sunn kvalitet på det vi gjer dag for dag, sa rektor.

Rekruttering til lærarutdanning

Statsråden var også interessert i å høyre meir om korleis HVL gjennom fleircampusstrukturen er med å sikre rekruttering til skuler og barnehagar lokalt.

- Vi har vore tidleg ute med å tilpasse oss behova i samfunnet og vi utdannar fleire enn det som er forventa fordi gjennomstrømmingen er god. I tillegg er dialogen med skular og barnehagar bra.

- Dette med delte stillingar er og ein måte å styrke koplinga på, sa dekan Asle Holthe ved fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.


Dekan Asle Holthe presenterte lærerutdanningene i HVL.

Han presenterte dei ulike lærarutdanningane og hadde ekstra merksemd på nye tilbod og meir fleksible løp for studentane. Holthe understrekte at dei ulike campusane spelar ei viktig rolle her. Han påpekte samstundes at det er viktig at departementet bør vurdere om praksis kan gjerast meir fleksibelt framover.

Nye måtar for praksis

Borten Moe var óg oppteken av korleis ein kan opne for nye måtar å tenka praksis på særleg innan helse- og sosialfaga. Her viste prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal til arbeidet i HVL og diskusjonar som mellom anna går i helsepersonellkommisjonen. Ein meir offensiv og open inngang til praksis gjennom å bruke simulering er ein veg å jobbe vidare langs.

Naustdal presenterte óg dei store linjene om korleis HVL bygger og utviklar studietilbodet med utgangspunkt i fem sterke campusar. Fleksibilitet, god dialog og samhandling med arbeidslivet er nøklar for å lukkast.

Statsråd Ola Borten Moe var godt fornøgd med møtet med høgskulen fredag 11. mars i Sogndal. - Dette var veldig bra og eg fekk eit godt inntrykk arbeidet som skjer i høgskulen. Her i lag med Signe Bjotveit (politisk rådgjevar), Oddmund Hoel (statssekretær), Arnestein Menes (ordførar Sogndal kommune), Arvid Hallén (styreleiar HVL), Gunnar Yttri (rektor HVL), Geir Kåre Resaland (prorektor for regional utvikling HVL) og stortingspolitkar Erling Sande.