Stø kurs med ny bok

Kva gjer du når du ikkje finn gode nok lærebøker om eit fagfelt i rivande utvikling? Helle A. Oltedal greip roret, kasta loss og starta prosessen med å laga ei eiga oppdatert lærebok i maritim sikkerheitsleiing.

Boka er no pensum i doktorgradsfaget Maritime Organisational Safety Management, eit fag som går inn i fellesgraden i Nautiske operasjonar.

Bokprosjekt førte og med seg nokre gode synergieffektar. Då Oltedal starta arbeidet med å setja saman ei forfattargruppe, fekk ho kontakt med den anerkjende maritime professoren Margareta Lützhöft, som og blei invitert til å vera medredaktør for boka. Dette samarbeidet førte til at Margareta Lützhöft valde å  takka ja til ei fast stilling ved HVL, noko som er eit verdfult bidrag til forskargruppa MarSafe i Instituttet for Maritime studier i Haugesund.

Saman med gode kollegar nasjonalt og internasjonalt har dei jobba hardt dei siste månadene for å koma i mål - og i desse dagar kjem dei ut med boka «Managing Maritime Safety» på det anerkjende forlaget Routledge.

Boka har åtte kapittel og innhaldet er tett opp til forskingsfronten. Den strekker linene tilbake i tid, og tar opp det siste nye som rører seg i næringa både inn mot digitalisering og autonome skip som HVL fekk forskingsmidlar frå Noregs Forskingsråd før jul.

Slik er boka:

  • Kapittel 1: Setting the Stage for Maritime Safety Management (Helle A. Oltedal)
  • Kapittel 2: The History of Safety Management (James Parsons and Chad Allen)
  • Kapittel 3: Safety Management Systems (Bjørn-Morten Batalden and Helle A. Oltedal)
  • Kapittel 4: Culture and Maritime Safety (Jon Ivar Håvold and Helle A. Oltedal)
  • Kapittel 5: The Human Contribution (Helle A. Oltedal and Margareta Lützhöft)
  • Kapittel 6: Risk Perception (Michelle Grech)
  • Kapittel 7: Design for Safety (Margareta Lützhöft and Viet Dung Vu)    
  • Kapittel 8: Autonomous Ships, ICT and Safety Management (Jonathan V. Earthy and Margareta Lützhöft)


Helle A. Oltedal og Margareta Lützhöft fortel at boka er finansiert gjennom det nasjonale samarbeidsprosjektet MARKOM 2020, og er ein del av ei medviten satsing i nautikkmiljøet ved campus Haugesund. Boka utgjer og ein del av MarSafe sin kompetansehevingsstrategi, då alle kapitla er fagfellevurdert og gir same utteljing som publisering i ein anerkjent journal.

- Me har jobba med å utvikle og bygge fagmiljøet vårt sakte men sikkert. Då er eg var ferdig med min eigen doktorgrad  i 2011 var eg den einaste forskaren på nautikk. No har me fire professorar, fire med førstekompetanse og fem stipendiatstillingar. Og gjennom nye forskingsprosjekt vil me fortsetje å vokse i eit rivande tempo.

- Denne utviklinga er me stolte av, seier Oltedal som er leiar for forskingsprogrammet MarSafe i HVL.

- Me har og fått tilslag på fleire forskingsprosjekt, og me publiserer og formidlar kunnskap på mange ulike område som er relatert til maritime operasjonar og tryggleik.

- No jobbar me med eit nytt boksprosjekt. Det har arbeidstittelen «Maritim Work i Complex Sosio+technical systems». Den er planlagt ferdigstilt september 2020, slik at den kan inngå som pensum i PhD faget Maritim HTO, som og utgjer ein del av PhD programmet i Nautiske operasjonar.