
Studentane er på campus, og dei er meir nøgde
9 av 10 studentar ved Høgskulen på Vestlandet er på campus 3-5 dagar i veka. Dei er også litt meir nøgde i år samanlikna med i fjor, både med studia sine og med det psykososiale miljøet på høgskulen.
Det viser årets Studiebarometer. På spørsmål om i kva grad studentane alt i alt er nøgde med studia sine, gav HVL-studentane ein gjennomsnittleg skår på 3,9 av 5. Dette er 0,2 poeng høgare enn ved førre undersøking, og omtrent som landsgjennomsnittet på 4.
– Eg er veldig glad for den positive utviklinga. Vårt mål er at studentane både skal lære og trivast, seier prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal.

Prorektor for utdanning ved HVL, Anne-Grethe Naustdal. Foto: Ingvild F. Melien/HVL
Nøgde med det dei lærer i praksis
Dei aller fleste pilene peiker litt oppover for HVL i år samanlikna med i fjor, men det er små variasjonar. Den største positive endringa er på medverknad og praksis, med ein auke på 0,2 poeng i år samanlikna med i fjor.
– Vi har mange utdanningar, der praksis i arbeidslivet er ein viktig del. Det er gledeleg at studentane er meir nøgde med praksis. Dette er noko vi har jobba med, og som vi vil ha endå meir merksemd på framover, seier Naustdal.
Studentane er særleg nøgde med det dei lærer i praksis og svarar at arbeidsoppgåvene dei får er relevante for det dei studerer.
På spørsmål om tilknyting til arbeidslivet og fysisk læringsmiljø, så er studentane ved HVL litt meir nøgd samanlikna med snittet nasjonalt, mens når det gjeld organisering av studiet svarar dei litt under snittet.
– Vi har ein jobb å gjere når det kjem til organisering og informasjon til studentane undervegs i studiet. Dette er noko vi har jobba med over tid. Fleire har tatt gode steg her, men det er skilnadar mellom studieprogramma, og vi vil her søke å rette tiltak meir direkte inn mot der utfordringane er størst, seier Naustdal.

På campus tre til fem dagar i veka
Det har vore fokus dei siste åra på at studentane er lite på campus. Tala frå Studiebarometeret viser det motsette for HVL-studentane.
89 prosent av studentane på HVL svarar at dei er på campus mellom 3-5 dagar i veka. Berre 2,5 prosent seier at dei er på campus berre nokre gonger i månaden eller sjeldnare.
Prorektoren er tydeleg på verdien av at studentane er mykje på campus.
– Eg meiner det er svært viktig, både for læring og danning, at unge menneske er ein del av eit fellesskap og eit fagleg og sosialt miljø, seier Naustdal.

Som tidlegare år syner Studiebarometeret at studentane er godt nøgde med bibliotektenestene. På spørsmål om kor godt biblioteka fungerer svarar HVL-studentane i snitt 4,2 av 5.
Olav Åm Risa og Tibbe Vaartjes studerer elektroingeniør ved HVL i Bergen. Dei har funne seg to gode stolar på biblioteket. Ofte finn dei vegen hit etter førelesingane.
– Vi likar å vere på campus. Det finst mange bra stader å jobbe med studia på. Biblioteket er den beste plassen, seier dei.
Spørsmålet om kor ofte studentane er på campus er nytt i Studiebarometeret i år. Spørsmålet er stilt til studentar som går på studieprogram der undervisinga jamleg går føre seg på campus.
Studiebarometeret viser også at det er ein samanheng mellom oppmøte på campus og kor mykje arbeid studentane legg ned i studia sine totalt sett. Studentar som møter på campus deltek i langt større grad i organiserte læringsaktivitetar enn studentar som ikkje er på campus like ofte. Det ser derfor ikkje ut til at studentar som er lite på campus tar arbeidsmengda igjen ved å arbeide meir på eige hand.
Barnehagelærar og barnevern på topp
Dei som er aller mest nøgde på HVL er studentane på barnevern i Sogndal og på barnehagelærarutdanninga på Stord. Begge skårar 4,6 på kor nøgd studentane er “alt i alt”. Sosiologi nettstudium har og ein svært høg skår på 4,7, men her er svarprosenten låg.
Aline Torgersen går siste år på bachelor i barnevern i Sogndal.
– Eg gler meg alltid til forelesingane fordi det gir meg så stort utbytte. Kvar dag møter vi engasjerte forelesarar som ønskjer å gjere oss til dei beste barnevernspedagogane vi kan bli, seier ho.

– Eg er veldig fornøgd med undervisninga på studiet mitt, seier barnevernstudent Aline Torgersen.
Martha Lunde (21) og Åse Helén Johansen (24) studerer barnehagelærar på Stord. Dei fortel at det er lett å bli kjent med både medstudentar og tilsette.
– På Stord er det eit trygt læringsmiljø. Det er lærarar som bryr seg, som ser deg og som er tett på. Studentmiljøet er inkluderande og på fritida blir det arrangert fleire aktivitetar for alle, seier Lunde.
Dei opplever ein variert studiekvardag og kjenner på meistring både fagleg og sosialt.
– Eg føler meg anerkjent og sett. Det er ei oppleving eg kjem til å ta med meg vidare i møte med både vaksne og born når eg er ferdig utdanna, seier Johansen.
Begge meiner campus betyr mykje. Sjølv om dei pendlar, ønskjer dei å vere endå meir til stades.
– Det er lettare å kome i gong med arbeidet når vi er på campus, seier Lunde.
– I byrjinga tenkte eg at det verka skummelt med fulltid, men jo lenger tid det har gått, jo kjekkare har det blitt å vere her, seier Johansen.

Barnehagelærarstudentane Åse Helén Johansen og Martha Lunde er veldig nøgde med både studiet sitt og campus Stord. - Det er lett å føle seg inkludert her. Både medstudentar og lærarar ser deg, seier dei.
Stadig fleire brukar kunstig intelligens ofte
Sidan 2023-undersøkinga har studentane blitt spurde om bruk av kunstig intelligens (KI) i studia. Dei blir spurde om i kva grad dei faktisk brukar KI og kva dei i tilfelle brukar det til.
Svara frå den ferske undersøkinga viser at vel 75 prosent av studentane brukar KI jamleg. Samanlikna med fjoråret er det langt større del av studentmassen som brukar KI-verktøy av og til eller ofte.
Studiebarometeret viser også at ein langt større del av studentane brukar KI til å redigere tekst og som diskusjonspartnar i 2025 enn det var i 2023.
Nytt av året er at studentane har blitt spurde om dei meiner at det er tydelege retningsliner for bruk av KI i samband med eksamen og andre vurderingssituasjonar. Her svarar 50 prosent at HVL har ganske eller heilt tydelege retningslinjer, medan 9,5 prosent meiner at retningslinjene ikkje er tydelege.
– Klok bruk av kunstig intelligens blir viktig i tida framover. Her er det også avgjerande at vi i universitets- og høgskulesektoren snakkar saman, seier Naustdal.

Studiebarometeret viser at studentane ved HVL er like eller meir nøgde på alle indeksane samanlikna med førre undersøking. Illustrasjonsfoto: Mauricio Pavez/HVL
Fakta om Studiebarometeret
- Ei nasjonal undersøking som spør studentane korleis dei oppfattar kvaliteten på sitt eige studieprogram
- Undersøkinga blir sendt ut til andreårs bachelorstudentar, andreårs masterstudentar og femteårsstudentar på utdanningar som er fem år eller lengre.
- Nesten 28 000 studentar frå alle landets høgskular og universitet har svart på undersøkinga.
- Ved HVL svara 40 prosent av studentane som fekk undersøkinga tilsendt.
- Resultata blir publisert på studiebarometeret.no
- Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) utfører undersøkinga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet