
Studiebarometeret: - På høg tid å få studentane tilbake til campus
I Studiebarometeret 2021 melder studentar ved Høgskulen på Vestlandet at dei var litt mindre nøgde med studia sine i 2021 enn i 2020. Prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal, meiner mangel på dialog under pandemien kan ha vore den største utfordringa.
Ein føremiddag på campus Stord er det ganske få studentar, slik det har vore lenge på grunn av korona-restriksjonar og digital undervisning. Men vi møter likevel på to andreårsstudentar frå grunnskulelærarutdanninga 1-7, Tiril Birkeland og Marit Steen, som begge er glade for at den fysiske undervisninga tek til igjen for alle.
- Kva synest de om studia her på HVL?
- Eg er ikkje så nøgd med politikken kring inntak, mattekravet, og at alle må gjennom same nålauge, svarer Steen kjapt.
- Men frå høgskulens side er eg nøgd, eg trivst på studiet. Vi har nok vore veldig heldige, sidan vi har hatt mykje klasseromsundervisning samanlikna med folk frå dei fleste andre studium.
Litt mindre nøgde enn før
Studiebarometeret blir utført årleg av NOKUT på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, og er ei nasjonal spørjeundersøking om studentanes opplevde studiekvalitet. Rapporten er laga for å hjelpe institusjonane i kvalitetsarbeidet. Undersøkinga blei gjennomført hausten 2021, og gjekk nasjonalt ut til kring 74.000 studentar, alle i andre studieår på bachelor- og masterprogram. HVL hadde svarprosent på 46, noko som er ein liten nedgang frå i fjor.
HVL- studentane rapporterte ei overordna tilfredsheit på 3,8 poeng ut av 5 moglege. Det er 0,1 poeng dårlegare enn året før, og 0,2 poeng lågare enn det nasjonale gjennomsnittet.
- Vi skil oss ikkje så veldig ut. Med tanke på den unntakstilstanden studentane har vore gjennom, er det bra at resultata frå Studiebarometeret kan tyde på at tilfredsheita held seg så jamt som den gjer, seier Anne-Grethe Naustdal.
- Jamvel med dei avgrensingane som ligg i datamaterialet, er vi ikkje nøgde med at talet ligg litt under det nasjonale. Det er punkt der vi kan og vil jobbe med for å styrke oss.
Lite nøgde med nettundervisning
Særleg går det tydeleg fram av Studiebarometeret at studentane er lite nøgde med den digitale undervisninga. Dette gjeld ikkje berre for HVL, men for heile landet. På spørsmålet: «Eg trur kvaliteten på utdanninga er like god som han ville vore om vi hadde hatt meir fysisk undervisning»svarer storparten negativt.
- Den gode undervisninga vil ofte vere avhengig av gode relasjonar mellom menneske. Dette gjeld både studentane i mellom, og mellom studentane og lærarane. Det er meir krevjande å få til dette gode sambandet når store delar av undervisninga dei siste par åra har gått føre seg digitalt, seier Naustdal.
- Når du sit på ei digital førelesing, kan du for eksempel ikkje dulte borti sidemannen og stille eit spørsmål. Mykje blir kaldt og upersonleg! Og for lærarane er det veldig vanskeleg også – vanlegvis stirar dei inn i masse svarte ruter, og dei har inga kjensle om det dei seier, når fram. Det er noko heilt anna å kunne sjå folk inn i auga.
Så mykje av læringa skjer gjennom dialog, meiner prorektoren for utdanning. Utan dagleg kontakt med medstudentar og fagpersonar, kan faget bli tappa for kraft og farge. Inspirasjonen blir sett under press. I ein vanleg studiekvardag vil campus vere ein viktig sosial læringsarena. Men ein del nye studentar har vore på høgskulen i to år utan at denne arenaen har komme skikkeleg i gjenge.
- Det er utruleg kjekt at restriksjonane no har letta og vi endeleg kjem i gang igjen med fysisk undervisning. Vi skal både danne og utdanne, og den danninga skjer best når du er i dialog med andre medstudentar og faglærarar, meiner Naustdal.
Trass i at studentane er mindre nøgde med nettundervisinga og saknar å vere fysisk til stades på campus er det òg positive funn. Mange av studentane våre gir uttrykk for å ha hatt god tilgang på eigna stader å jobbe med studiane og god tilgang til leseplass på høgskulen.
Styrkar støtta til undervisarar
Studentane melder at dei er nøgde med undervisninga, det faglege og sosiale miljøet og studieprogrammets evne til å inspirere – alle desse skårane ligg på 3,5 og oppover. Men dei er ikkje fullt så nøgde med organiseringa av undervisninga, bruken av digitale verktøy og tilbakemelding og rettleiing i studia.
Nett dette med organisering har også lærarstudentane Tiril Birkeland og Marit Steen på Stord noko å utsetje på. Dei seier at det var ein del styr kring praksisperioden i fjor:
- Vi fekk ikkje den kontaktinfoen vi trong, det var ingen som svara og ville ta stilling. Så vi måtte gjennom mange ulike instansar, og det blei mykje rot. Men vi fekk ei unnskyldning for det etterpå, og utanom det er det veldig kjekt å gå på studiet, forklarer Birkeland.
Anne-Grethe Naustdal er oppteken av at utdanningar ved høgskulen skal vere kjenneteikna av god organisering, og at rettleiing og tilbakemelding til studentane skal finne stad i gode former. Studentopplevinga heng nøye saman med desse aspekta, meiner ho:
- Det å vite timeplanen, kva rom dei skal på, og strukturen i det heile skaper tryggleik. Her må vi gi god støtte til dei som har ansvar for studieprogramma våre, seier Naustdal.
Ho peiker på at HVL gjennom 2022 vil gjennomføre fleire prosjekt der undervisarar får tilgang på støtte for å gi betre utdanning og studentoppleving. Høgskulen investerer mellom anna i læringslabbar på kvar campus og vil dyrke fram ein delingskultur på tvers av fagmiljø og fakultet.
- Vi vil tilby studentane undervisning av høg kvalitet. Det krev at vi også sørgjer for at vitskapleg tilsette får nødvendig støtte til å utvikle undervisninga, seier ho.
- No skal vi bruke det beste vi har lært frå det digitale, saman med det beste vi kan frå det fysiske, til å gje god undervisning.
Les også: Styrkar støtte til undervisarar for betre utdanning og studentoppleving
Biblioteka er svært populære
Ei teneste som får overveldande gode tilbakemeldingar gjennom Studiebarometeret, er biblioteka ved HVL. Studentar gir biblioteket 4,8 poeng av 5 moglege og er meir nøgd med biblioteka her enn det nasjonale gjennomsnittet. Dette gleder prorektoren for utdanning – og bibliotekleiar Turid Hitland:
- Eg er oppteken av at biblioteka skal vere ein god stad for læring. Det er gledeleg å sjå at vi skårar høgt sjølv om studentane har vore mykje borte frå campus. Vi har jobba med å legge til rette digitalt med nye utleveringsmoglegheiter, slik at dei har hatt tilgang til samlingane. Så det tyder på at vi har nådd dei, seier ho.
- Når det er sagt, gler vi oss mykje til å ha dei tilbake på campus. Biblioteket skal jo også vere ein møteplass, ein sosial arena for studentane.
Birkeland og Steen, lærarstudentane på Stord, kan skjøne kvifor studentane meldar at dei er nøgde med biblioteket. Sjølv bruker dei grupperomma ein del, og synst dei bibliotekstilsette er ei god støtte i studia.
- Dei som jobbar i biblioteket er veldig kjappe, og finn fram bøkar viss vi treng. Og det er enkelt å bestille, skryt Steen.
- Og så har dei det meste av pensumlitteraturen, og gjerne fleire eksemplar, så det er veldig bra, meiner Birkeland.
Oppsummert er dei to studentane godt nøgde med studiet og HVL.
- Ja, vi er glade for å gå på GLU 1-7. Det er kjekke undervisarar, og dei er veldig kompetente, oppsummerer Birkeland.
- Men vi har ikkje akkurat noko å samanlikne med, då, skyt Steen inn.
- Nei det er sant, vedgår Birkeland og smiler.
- Men vi liker oss. Også elskar eg kantina! fortel ho entusiastisk, før dei må skunde seg til ny undervisningstime.
Sjå alle resultata frå Studiebarometeret her.