– Vi står midt i ein overgang

Det er orda styreleiar Arvid Hallén brukar om situasjonen Høgskulen på Vestlandet står i.

Denne veka har høgskulestyret vore samla til styreseminar og styremøte ved campus Bergen. Økonomi fekk mykje plass i både sakspapir og ordskifte.

Rekneskapen for HVL så langt i 2023 viser eit meirforbruk, og budsjettsignala for åra som ligg framfor viser at tildelingane frå grunnfinansieringa vil gå ned.

Må tilpasse aktivitet til nye tider

Nøkkelorda i styredebatten var at det som vil bli ein meir krevjande økonomisk situasjon må balanserast mot vidare satsing og styrking i tråd med høgskulen sin strategi og universitetsambisjon.

– HVL og heile universitets- og høgskulesektoren står i ein annan økonomisk situasjon no. Etter mange år med vekst flatar løyvingane ut og vi må prioritere hardare og tilpasse aktiviteten vår til nye tider, seier Hallén.

Han legg til at det nye finansieringssystemet for sektoren som er presentert i framlegg til statsbudsjett for 2024, gjer at HVL og andre institusjonar med sterke og store profesjonsutdanningar, blir svært utsett og sårbare for nedgang i søkjartala. Det vil sette ytterlegare press og forsterke og medføre eit bortfall av inntekter.

Må arbeide for å auke inntekter

– Dette fortel at vi står midt i ein overgangsfase mot ei tid med andre rammer og vilkår. Det fordrar at vi må arbeide aktivt og offensivt for å auke inntektene våre utover tildelinga frå departementet og jobbe aktivt og målretta med å sikre god studentrekruttering

I styresakene kjem det fram at i samsvar med styret sine tidlegare signal har rektor Gunnar Yttri sett i verk fleire tiltak for å møta tida med trongare økonomi.

– Samla vil talet på tilsette ikkje kunne vekse og vi må ha, kostnadsfokus og stram budsjettstyring.

Utover økonomi handsama styret fleire saker om oppretting av nye studium, omarbeiding og nedlegging av studieprogram og tilpasningar til nye studentgrupper og meir fleksible tilbod. Sjølv om høgskulen har sitt nedslagsfelt på Vestlandet, så peiker fleire av studia både i nasjonal og internasjonal retning.

Etter- og vidareutdanning var óg eit område mange i styret peikte på som eit felt ein bør ta større hand om.

– Arbeidet i fakulteta som styret fekk presentert i seminardelen viser at det er god kraft og vi ser at universitetsambisjonen styrkar seg. Så er det rom for vidare styrking.


Henrik Haug er leiar i Studenttinget på Vestlandet og husar eit stor apparat av engasjerte studentar på alle fem campusar. I dag orienterte han HVL-styret om arbeidet. Berekraft, læringsmiljø og utdanning er hovudsaker ein arbeider med for tida i Studenttinget.

Areal og arbeidsplassar på agendaen

Saka om areal og arbeidsplassar fekk temperaturen opp i styremøtet.

– Vi har press på areal ved fleire av campusane våre og det medfører at vi i større grad må dela på arbeidsplassar. Dette er ei endring som krev god og klok handtering med involvering av tilsette og leiarar.
 
Hallén seier at arbeidsplassar og vilkår rundt dette er viktig for trivsel, jobbmotivasjon og kollegafellesskap.

- Styret er oppteken av at det framover blir gode prosessar i både arbeidsgrupper og praktisering av retningslinjer. Vi har gode areal og det ligg godt til rette for gode løysingar.