
HVL-styret vedtok å skipa eit nytt fakultet
Eit samrøystes HVL-styre vedtok i dag å slå saman Fakultet for Ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Det nye fakultetet vil tre i kraft 1. januar 2024.
– Vi har i dag tatt ei viktig avgjerd for høgskulen som eg og styret meiner vil styrke høgskulen i åra som kjem. Eg er glad for at heile styret står bak vedtaket og eg er svært imponert over arbeidet som er lagt ned av arbeidsgruppa og andre involverte innanfor svært stramme tidsfristar, seier styreleiar Arvid Hallén.
Instituttstrukturen skal på høyring
Fleire av styremedlemmene gav skryt til det grundige arbeidet som den partssamansette prosjektgruppa har arbeidd fram i denne saka. At det og er peika ut potensiale for strategiske utviklingsprosjekt i det nye fakultetet vart og kommentert.
– Når det gjeld havvind har vi mykje å hente. Det same gjeld klimatilpassing. Eg er imponert over arbeidet, sa styremedlem Hege Økland.
Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik la fram saka om samanslåing mellom FIN og FØS.
Tett dialog er avgjerande
Under styremøtet fremja styremedlem Tina Åsgård eit alternativt forslag om å utsetje vedtak om samanslåing, og heller sende dei to rapportane frå den partssamansette arbeidsgruppa ut på høyring i organisasjonen, og såleis få saka attende til styret i junimøtet.
Dette forslaget fall, og styret gjekk samrøystes inn for rektor si innstilling om ei samanslåing av dei to fakulteta der framlegget til instittuttstruktur vert sendt på høyring. Rektor vil legge fram vedtakssak om instituttstruktur i det nye fakultetet på styremøtet 15. juni.
Fleire styremedlemmer peika på behovet for god medverknad i den vidare prosessen.
– God medverknad og tett dialog med dei tilsette blir særleg viktig i neste fase, påpeika Aina Berg.
I dagens styremøte på campus Stord vedtok styret óg å lyse ut dekanstillinga for det nye fakultetet. Her siktar ein mot tilsetting i neste styremøte i juni.
Utsynsmeldinga og Helsepersonellkommisjonen var også tema under dagens styremøte. Prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal, la fram moglege konsekvensar for HVL.
Åremålsstilling prorektor forsking blir lyst ut
Ei orienteringssak på dagens styremøte var stillinga som prorektor for forsking. Gro Anita Fonnes Flaten har som kjend sagt opp si åremålsstilling som prorektor for forsking og sluttar ved HVL 31. mai 2023.
Som ei mellombels løysing vil prorektor for regional utvikling, Geir Kåre Resaland, i perioden frå 1. juni til 31. desember 2023 ivareta ansvarsområdet som ligg til prorektor for forsking.
I diskusjonen om den vidare ivaretakinga av den aktuelle prorektor-funksjonen kom det tydeleg fram at styret ønskte at ein i framhaldet lyser ut åremålsstillinga for prorektor forsking. Dette for å gi full kraft til dei høvesvise ansvarsområda til prorektor forsking og prorektor regional utvikling.
– Eg er nøgd med at styret var så tydelege. Det var ei viktig avklaring. No vil me gå vidare og lysa ut denne viktige åremålsstillinga slik at at den mellombelse ordninga får ei meir varig løysing, seier rektor Gunnar Yttri.
Vedtok handlingsplan for berekraft
Høgskulen på Vestlandet sin handlingsplan for berekraft for perioden 2023–2026 blei og handsama av styret. Planen er todelt, kor den første delen er knytt til kjerneverksemda undervisning, forsking og formidling. Den andre delen handlar om kultur, organisering og dagleg drift av HVL.
Styret peikte på at HVL skal ha høge ambisjonar kring berekraft, og bad om få ei sak tilbake der ein konkretiserer tiltak i planen. EIn signaliserte også eit ønskje om å justera ordlyden slik at satsinga på berekraft går saman med prinsippa for akademisk fridom