Styret fekk gode smakebitar på nysatsinga i esport og gaming

Under haustens første styremøte fekk høgskulestyret testa ut eit arsenal av digitale løysingar inn mot gaming og esport – og høyra korleis det er kopla inn i utdanning og forskingsarbeid på idrettstudia ved campus Sogndal. Styreleiar Arvid Hallén ser eit potensial i arbeidet.

- Dette er spennande. Her er høgskulen i framkant. Esport og gaming er område som er i vekst i samfunnet vårt og som treff dei fleste unge.

- Det var interessant for styret og sjå og høyra korleis ein jobbar med dette inn i utdanningsløp, forsking og utviklingsarbeid. Her kryssar ein ulike fag og det er i seg sjølv interessant. Her har me noko unikt som kan vere attraktivt for mange.

Og nettopp attraktivitet var eit av stikkorda i saka om opptakstal, som var hovudsaka i styremøtet.

Prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal, presenterte førebels opptakstal og fortalde korleis HVL arbeider med utvikling av studieportefølje og studentrekruttering.

- Det er variasjonar i tala og styret er oppteken av at me er ein attraktiv høgskule med gode studieprogram på alle campus som svarar på samfunnets behov.

- Det er eit kontinuerleg arbeid med å utvikla og tilpassa studieporteføljen vår både til marknaden og til arbeidslivets behov. Me står inn i trendar og raske konjunktursvingingar, og me må handtere det klokt på kort og lang sikt.

- Styret er oppteken av å sjå dette inn mot campusutvikling, budsjett og sjølve studieporteføljen som vert lagt fram seinare i haust.

- Gode og offensive rekrutterings- og marknadsplanar som er bygd på eit godt kunnskapsgrunnlag blir viktig. Det same med oppstart av alumniarbeid.

Sjå styresakene

Høgskulestyret møter årleg Studenttinget på Vestlandet til dialog. Her informerer leiar Jelle Sebastian Bruin og berekraft- og rekrutteringsansvarleg, Ruth Emilie Skjærvik Nygård, om korleis Studenttinget er organisert og kva saker som opptek studentane. God studiestart, studentengasjement, levekår og økonomi var tema som vart diskutert.

Styremedlem Trond Ueland i djup konsentrasjon på gamingrommet på campus.

Styremedlem Hege Økland prøver VR-briller og får kyndig hjelp frå rådgjevar Torkjell Einarson Venjum i Læringslaben.