
Styret vil sjå på dei organisatoriske løysingane
I dag gav styret grønt lys for ein prosess som skal sjå nærare på om det bør gjerast nokre justeringar i dei organisatoriske løysingane som blei lagt for fire år sidan då HVL vart skipa.
– No når HVL er på veg inn ein ny åremålsperiode er det naturleg at vi gjer eit arbeid her. Vi legg ikkje opp til å kaste rundt på mykje i organisasjonen. Men det kan nok bli nokre justeringar, ut frå dei erfaringane vi no har gjort slik at vi står godt rusta inn i framtida, seier styreleiar Arvid Hallén.
Som kjend er det fleire prosessar på gong no når HVL går inn i ein ny åremålsperiode. Tilsetting av ny rektor skal skje i styremøtet i september, nye prorektorar og dekanar skal tilsetjast neste sommar - og i dag la styret opp prosessen når det gjeld å vurdere kva slags organisatoriske endringar HVL bør legge opp til i kommande åremålsperiode.
Dagens handsaming handla om å gi tilslutning til ein prosess som vil involvere organisasjonen breitt, og som styret vil få til handsaming ved fleire høve.
Fleire av styremedlemmene peika på at dette er ei viktig sak for styret å vera kopla tett på. Mange tok til ordet for å ikkje gjera for store endringar, men heller sjå på tilpasningar og justeringar.
- Vi må ikkje gjere dei store endringane i organisasjonen vår. Vi må følgje stien vi har lagt. Men eg trur vi gjer klokt i å sjå på dette med campus. Nærregion gir ikkje noko meining, kanskje er det med på å forkludre dette med campus.
- Vi er ein campusbasert høgskule, og eg likar at vi legg opp til gode prosessar rundt campusutvikling, sa Trond Ueland som er eksternt styremedlem.
- Så bør vi sjå på dette med stadleg leiing og eigarskap på campus. Det er tid for å vurdere ei tydelegare styring og rolle av campusane våre, la han til.
Gunnar Yttri som er styremedlem i undervising/forskarstilling, fylgde og linja til Trond Ueland:
- Vi må halde fram med dei tinga vi har vore gode på og det vi har fått til i HVL. Vi har klart å ta ut mykje av den faglege krafta som ligg i fusjonen. Til dømes dette med gjennomgåande leiing, og samordning av utdanning og samarbeid på tvers.
- Vi må halde fast i det og samtidig halde fast i campus.
Kristine Kopperud Timberlid som er eksternt styremedlem, åtvara mot å gjere dette til ein for stor og omfattande prosess:
- Som NIFU-rapporten viser så har vi vore i ein stor og lang endringsprosess. Vi må unngå at ting blir kvervla opp igjen i dette arbeidet.
Styreleiar Arvid Hallén landa saka slik.
- Vi har har no gjort oss erfaringar som vi må utnytte til å utvikle organiseringa vår. Vi må involvere breitt slik at vi kan fange opp desse erfaringane.
- Eg høyrer at styret er samstemt rundt premissar og målsettingar for ein slik prosess.
- Vi legg ikkje opp til å kaste rundt på mykje i organisasjonen. Men vi bør sjå på om vi skal gjere nokre justeringar og grep framover, slik at vi er godt rusta for å nå våre ambisjonar, mål og profil, no når vi skal skrive eit nytt kapittel i HVL.
Her finn du sakslista til dagens møte