
Styrkar det internasjonale samarbeidet
Tre prosjekt ved HVL har til saman fått rundt 15 millionar kroner frå Forskingsrådet for å styrke internasjonale partnarskap.
Tildelinga kjem gjennom den såkalla INTPART-ordninga der norske forskingsorganisasjonar kan søke om midlar til partnarskap med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA. Prosjekta som får støtte skal bygge på pågåande forskingsprosjekt og styrke desse.
Av totalt 144 søknader blei 20 prosjekt tildelt midlar. Men tre tildelingar hevda HVL seg nest best av institusjonane som søkte. Prorektor for forsking Christine Øye gler seg over at høgskulen kan hevde seg i ein hard konkurranse.
– Internasjonalt samarbeid er svært viktig for å kunne løyse dei store utfordringane vi står overfor. Gjennom å spele på styrkane til kvarandre, kan vi utvikle fagmiljø på tvers av landegrenser og drive fram ny forsking og innovasjon. Difor betyr slike tildelingar mykje, seier Øye.
Samarbeid med India og Sør-Korea om hydrogenteknologi
Eitt av prosjekta handlar om utvikling av grønt hydrogen og blir leia av professor Dhayalan Velauthapillai. Grønt hydrogen vil seie at hydrogenet blir produsert med kraft frå fornybare energikjelder som sol-, vatn- eller vindkraft. Prosjektet har mellom anna mål om å utvikle kunnskap og forsking på nye katalysatorar for grøn hydrogenproduksjon.
Samarbeidspartnarane er Alagappa University, Anna University, Korea University, NORCE, Universitetet i Bergen, Indian Institute of Technology Madras, Hyundai Hydrogen Innovation Center, Corvus Energy Fuel Cell AS og Greenstat Asia AS.
Hydrodynamisk modellering, robotikk og havoperasjonar
Prosjektet I4HydroMORE er eit internasjonalt initiativ for integrering av maskinintelligens og robotikk i marine laboratorium for hydrodynamisk modellering og grøne havoperasjonar. Prosjektet blir leia av Gloria Stenfelt ved HVL, og skjer i samarbeid med Norce, Massachusetts Institute of Technology, og Westlake University.
Massachusetts Institute of Technology er leiande på hydrodynamisk modellering av marine operasjonar, medan Westlake University har spisskompetanse på djuphavteknologi, robotikk og intelligente laboratorium. Gjennom tettare samarbeid skal kunnskap og metodar overførast til Norge.
Afrikansk-nordisk samarbeid om teiknspråk
Det tredje prosjektet skal styrke samarbeid mellom nordiske og afrikanske høgare utdanningsinstitusjonar innan teiknspråk. Prosjektet byggjer på tidlegare forsking på depiction, som på norsk vil seie avbildande teikn som direkte avspeglar det ein skal beskrive. Det kan for eksempel vise korleis noko ser ut, høyrest ut, eller følast som.
Dei afrikanske partnarane tilbyr tolking- og lingvistikkprogram på alle akademiske nivå. Målet er å dele forskingsfunn og utvikle nye undervisings- og læringsressursar. Institusjonane som deltar er Witswatersrand University, Kyambogo University, Stockholm University, og NTNU. Prosjektleiar ved HVL er Gro Hege Saltnes Urdal.
Vi gratulerer og ønskjer lukke til med samarbeidet!