
Suksess for digital konferanse ved Høgskulen på Vestlandet
Den nasjonale barnehageforskingskonferansen gjekk av stabelen denne veka. På grunn av koronasituasjonen valgte dei å gjennomføre ein gratis nettbasert konferanse som til slutt endte med venteliste og 500 påmelde deltakarar frå heile landet.
– Det har vore veldig arbeidskrevande å planlegge og gjennomføre ein slik konferanse. Kvar minste detalj i programmet har blitt planlagt for å fungere godt digitalt. Vi har også jobba kreativt og lagt inn quiz og kunstneriske innslag som variasjon i det faglege programmet, seier Elin Eriksen Ødegaard, leiar ved BARNkunne.
Konferansen har blitt arrangert av BARNkunne (Høgskulen på Vestlandet) i samarbeid med FILIORUM (Universitetet i Stavanger) med temaet: «Å skape bærekraftige barnehager».
Fagleg innhald og teknisk gjennomføring
Ødegaard fortel at det tette samarbeidet mellom den dedikerte fagkomitéen og dei tilsette ved teamet for kurs og arrangement i avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved HVL har vore heilt avgjerande for gjennomføringa.
– Ein vellykka digital konferanse krev eit tett samarbeid mellom fagleg og teknisk kompetanse over tid. Vi har lært utruleg mykje om digital formidling på vegen, seier Ødegaard.
Minutt for minutt
Linn Jeanette Fylkesnes er teamleiar for kurs og arrangement ved HVL, trur nøkkelen for å lukkast med slike digitale konferansar er grundige førebuingar og skikkelig testing av utstyr i alle ledd.
– I forkant har vi laga ein detaljert køyreplan for programmet, minutt for minutt. I tillegg har vi gått gjennom kva dei enkelte bidragsytarane skal gjere slik at dei er trygg på sin del av programmet.
Konferanse frå pauserommet i barnehagen
Målet med barnehagekonferansen er å skape ein møteplass for forskarar og praksisfeltet. Ved å arrangere konferansen digitalt er forskar ved BARNkunne Marianne Presthus Heggen overtydd om ein har nådd ut breiare enn om konferansen skulle vore fysisk i Bergen.
– Vi har fått positive tilbakemeldingar frå tilsette i ulike barnehagar som har sett konferansen på pauserommet. Fleire studentar har også kunne vere med. I tillegg har vi også fått inn internasjonale barnehageforskarar i konferansen som elles hadde vore veldig krevande å få på plass, seier ho.
– Inspirerande
Mimi Bjerkestrand, direktør for barnehage i Bergen kommune, leia paneldebatten om verdi- og kunnskapsgrunnlag for framtidas barnehage den siste dagen av konferansen.
– Dette har vore ei veldig inspirerande og flott oppleving. For oss i Bergen kommune er det viktig og verdifullt å ha eit så godt å nært samarbeid med det sterke fagmiljøet til BARNkunne ved Høgskulen på Vestlandet, seier ho.
Den nasjonale barnehageforskingskonferansen er ein av fleire digitale konferansar som Høgskulen på Vestlandet har jobba med i det siste. Temadagen om barn som pårørande i samarbeid med mellom anna Kreftforeningen og Helse Fonna vart arrangert 23. september, same dag var også Klimaomstillingskonferansen 2020 gjennomført.
Alle konferansane har hatt fleire påmeldte enn det Høgskulen på Vestlandet ville hatt kapasitet til å arrangere ved ein fysisk konferanse på ein av dei fem campusane.