Solveig (22) tar permisjon frå studia for å styre landet

Solveig Gundersen Vik blir ikkje å sjå på økonomiførelesingane med det første. Dei neste fire åra byter ho ut pensumlesing på Kronstad med kontorplass på Stortinget.

– På valnatta blei eg litt sånn «oj, eg skal ikkje tilbake på studiet, eg», seier Solveig Gundersen Vik.

– Men eg skal få den bacheloren min, og eg håper på å få meg ein master etter kvart. Den graden vil eg ha, legg ho til.

22-åringen frå Haugesund studerer økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen, men dei neste fire åra blir ho å finne på Løvebakken i Oslo. Ho er nemleg vald inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Rogaland.

– Då vi sette saman lista, var det ikkje så mange som trudde at ein femtekandidat skulle komme inn. Vi har jobba som berre fy for å snu det, og så gjekk det plutseleg så godt som vi kunne håpt på, seier Gundersen Vik.

Politikken inspirerte studievalet

Gundersen Vik har vore politisk engasjert lenge, både som lokalpolitikar i Haugesund og fylkespolitikar i Rogaland. Det var gjennom det politiske arbeidet at ho etter kvart fann ut kva ho ville studere.

– Eg sat og jobba med budsjettprosessane i fylkeskommunen og tenkte at det var gøy. Det er nok ikkje så mange som tenker det når dei jobbar med budsjett, seier ho.

Då ho begynte å studere, fekk ho bekrefta at ho hadde valt riktig. Ho fekk blant anna innsikt i makroøkonomi, rekneskap og skatt. Denne kunnskapen har ho tru på at ho får bruk for på Stortinget.

– Eg gleder meg til å jobbe med det! No skal eg sitja med den store pengesekken og driva med dei store prioriteringane, seier Gundersen Vik.

Vil gjere ein forskjell

Det som driv det politiske engasjementet hennar er trua på at ho kan gjere ein forskjell.

– Eg kan vere ei stemme for dei som ikkje blir høyrde og bidra til det samfunnet eg ønsker meg, seier ho.

Gundersen Vik engasjerer seg breitt i ei rekke politikkområde. Ei av sakene nærast hjartet hennar er eit inkluderande arbeidsliv.

– I Rogaland står éin av fem unge utanfor arbeid eller utdanning. Det er eit høgt tal, og der må vi får gjort meir, seier ho.

– Eg trur det er veldig godt for folk å vere i arbeid, både for dei sjølve og samfunnet. Ein har det best når ein føler at ein bidrar, seier ho.

Den nyvalde stortingsrepresentanten trur ikkje at det står på viljen til dei som står utanfor arbeidslivet.

– Eg trur ikkje at folk er late, men eg trur vi må gjera om på samfunnsstrukturane. Vi må legge til rette for meir individuell oppfølging, seier ho.

Ein ny kvardag

Onsdag 1. oktober skal Gundersen Vik og 168 andre folkevalde møta opp i Stortinget. Deretter går ho travle dagar i møte, før ho etter kvart skal finne ut kva slags komité ho får plass i.

– Eg trur det blir tøft, og det blir ein heilt ny kvardag for meg. Eg har aldri vore heiltidspolitikar, seier ho.

Ho kjenner på forventningane knytt til ho som ny stortingsrepresentant, men ho ser likevel fram til å komme i gang med arbeidet.

– Det blir veldig givande å få vere med og bygge landet vidare frå nasjonalforsamlinga!