Artemis-partnarar samla ved HVL i Bergen

Representantar frå alle partnaruniversiteta i Artemis har denne veka vore samla ved HVL i Bergen for å utveksle erfaringar og peike ut vegen vidare for universitetsalliansen.

Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen har dei siste dagane vore møteplass for deltakarar frå universiteta i universitetsalliansen Artemis.

I tillegg til HVL, består Artemis av universitet og høgskular i Belgia, Estland, Frankrike, Hellas, Italia, Romania og Tyskland. 

– Europeisk samarbeid blir stadig viktigare

Maren Stallemo er prosjektleiar for Artemis ved HVL. Ho er glad for moglegheitene som universitetsalliansen gir.  

– Slik verda ser ut no blir europeisk samarbeid stadig viktigare. Når vi møtest fysisk, blir det og lettare å utvikle nye initiativ og dele erfaringar som kjem både studentar og tilsette til gode, seier ho.

Gjennom møte og workshopar har 48 tilreisande representantar frå alliansen diskutert i lag med tilsette og studentar frå HVL korleis samarbeidet kan bidra til utvikling innan utdanning, forsking, innovasjon og regional utvikling.


Kiandro Diericx frå Belgia, Korbinian Graf frå Tyskland og Triinu Siniroht frå Estland var nokre studentrepresentantane som deltok under TogetherWeek. Dei fekk fine samtalar om likskapar og skilnader på tvers av landegrenser. 

Verdifulle møtepunkt

På programmet stod mellom anna styremøte for fleire av styringsgruppene i universitetsalliansen, ein workshop om alliansen sitt vidare arbeid og Diversity Day der deltakarane arbeidde med spørsmål knytt til mangfald, likestilling og inkludering.


Framme frå venstre: Korbinian Graf, studentrepresentant ved OTH Regensburg, Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Mathias Bernard, president ved Universite Clermont Auvergne, Marie-Elisabeth Baudoin, prosjektkoordinator og viserektor for internasjonale relasjonar ved Universite Clermont Auvergne. Bak frå venstre: Martti Kiisa, rektor ved TTK University of Applied Sciences, Liliana Ana Tuta, viserektor for internasjonale relasjonar ved Ovidius University of Constanta,  Kathy Dewitte, rektor ved VIVES University of Applied Sciences, Aurora Victoria Farkas, studentrepresentant ved HVL, Cristina Duhnea, direktør for internasjonalt kontor ved Ovidius,  Anna Batistatou, rektor ved University of Ioannina, Oliver Steffens, visepresident for forsking og internasjonale relasjonar ved OTH, Diana Salciarini, viserektor for internasjonale relasjonar og samarbeid ved Universita degli Studi di Perugia og Tine Ternest, direktør for internasjonalt kontor ved VIVES.  

Rektorar og viserektorar frå partnaruniversiteta møttest også til eigne samtalar om strategisk samarbeid. I tillegg fekk deltakarane innblikk i korleis Bergen arbeider med berekraftig mobilitet og grøn omstilling gjennom besøk hos Bergen hamn og Bergen kommune.

- Som leiar for Student Board er eg skikkelig stolt av engasjementet i gruppa. Til tross for at vi i Noreg drøymer om varmare strøk, er det allereie fleire studentar som har sagt at dei vil kome tilbake hit på utveksling. Eg gler meg til å sjå kva vi får til saman vidare i dette gode samarbeidet, seier Aurora Victoria Farkas.

Nye kurs på gang

Fleire av initiativa som vart diskuterte under TogetherWeek, vil no bli fulgt opp gjennom konkrete aktivitetar og samarbeidsprosjekt for både studentar og tilsette.

Prosjektleiar Stallemo peikar på at det framover er planlagt fleire av det som blir kalla blended intensive programmes.

Dette er kortvarige internasjonale utdanningsopplegg der studentar og tilsette frå fleire europeiske institusjonar samarbeider gjennom ein kombinasjon av digitale aktivitetar og eit korte fysiske opphald ved ein partnarinstitusjon.

– Det blir også ein ny runde med nye nettbaserte kurs for tilsette. Responsen var veldig god då vi gjennomførte dette for tilsette våren 2026. Nesten 500 tilsette frå alle partnerinstitusjonane deltok i ein av kursmodulane, seier ho.

Neste milepåle for universitetsalliansen er Artemis sin første formidlingskonferanse i Romania 12. og 13. november: 1st ARTEMIS Dissemination Conference Regions, Diversity and Resilience | 12-13 November 2026 | ARTEMIS

Du kan lese meir om arbeidet i universitetsalliansen på denne sida: Artemis


HVL-rektor Gunnar Yttri sitt innlegg under TogetherWeek 2026.

Tidlegare aktueltsaker om Artemis