Kven bør få utdanningskvalitetsprisen?

Kjenner du til fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle kvaliteten på utdanningane ved HVL? Foreslå kandidatar til Utdanningskvalitetsprisen innan 23. september.

Det er andre gang utdanningskvalitetsprisen blir delt ut. Fjorårets vinnar var Katrine Aasekjær frå Institutt for helse og omsorgsvitenskap.

Prisen blir delt ut på kvalitetskonferansen ved HVL som i år er den 14. oktober.

Anerkjenner kvalitet og nyskaping i undervisning

Prisen skal anerkjenne medarbeidarar og fagmiljø som utmerkar seg med framifrå undervisning, og bidra til å fremme kvalitet i undervisnings- og evalueringsformer. Den skal vere ein inspirasjon til vidare fagleg og pedagogisk innsats, engasjement og bruk av nyskapande undervisningsmetodar og læringsarenaer.

Prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik, seier at dette er ein viktig pris.

– Det gjøres mye godt og nyskapende utdanningsarbeid ved HVL. Denne prisen er viktig for å løfte fram og gjøre dette kjent – både for å hedre og for å inspirere, seier ho.

Vinnaren vil motta ein pengesum, for tida kr 75.000, og ein diplom. Prispengane skal brukast til tiltak som fremmer kvaliteten i undervisning og læringsarbeid, og kjem i tillegg til andre midlar.

Statuttar og nominasjon

Utdanningsutvalet oppnemner ein komité som vurderer søknadane og innstiller til Utdanningsutvalet.

Ved tildeling av prisen blir det lagt vekt på systematisk innsats for å utvikle kvalitet i utdanninga og god tilrettelegging for studentane sitt læringsarbeid. Det blir lagt vekt på god evne til formidling og samhandling med studentane, og bruk av nyskapande, varierte og studentaktive arbeids- og vurderingsformer.

Meir om statuttar for tildeling av prisen.

Slik nominerer du:

Spørsmål kan rettast til:

Rådgivar
Høgskulen på Vestlandet