Pris for utdanningskvalitet

HVL deler årleg ut pris for utdanningskvalitet. Prisen anerkjenner fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle kvaliteten på utdanningane ved HVL.

Statuttar for tildeling av prisen:

1. HVL sin pris for utdanningskvalitet er ein årleg pris som er oppretta for gi anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle den samla utdanningskvaliteten innan eit fagområde eller eit studium ved Høgskulen på Vestlandet.

2. Ved tildeling av prisen skal det leggast vekt på systematisk innsats for å utvikle kvalitet i utdanninga og god tilrettelegging for studentane sitt læringsarbeid. Det blir lagt vekt på god evne til formidling og samhandling med studentane, og bruk av nyskapande, varierte og studentaktive arbeids- og vurderingsformer.

Systematisk arbeid med mellom anna forskingsbasert undervising, internasjonalisering og studentevaluering vil også kvalifisere for prisen, i tillegg til innsats for eiga fagleg og pedagogisk utvikling.

3. Alle tilsette, studentar og formelle høgskule- og studentorgan kan kome med framlegg til kandidatar. Forslaga skal vere grunngitte.

5. Utdanningsutvalet oppnemner ein komité som vurderer søknadane og innstiller til Utdanningsutvalet, som gjer vedtak om kven som skal få prisen. Dersom det vert vurdert at det ikkje er kvalifiserte kandidatar vert ikkje prisen delt ut.

6. Prisen består av ein pengesum, for tida kr 75.000, og ein diplom. Prispengane skal brukast til tiltak som fremjar kvaliteten i undervisning og læringsarbeid, og kjem i tillegg til andre midlar. Prisvinnaren skal informere Utdanningsutvalet om kva midlane er brukt eller planlagt brukt til før neste prisutdeling.

7. Prisen blir utdelt i samband med den årlege konferansen for utdanningskvalitet og læringsmiljø. Fristen for å kome med forslag på kandidatar blir sett til seinast to månadar før dette.


Nominasjon 2020

Fristen for å nominere er 23. september 2020. 

Du sender inn forslaget ditt på dette skjemaet.