Velkommen til Forskingsdagane 2025!

Frå 17.-24. september byr vi på spennande forsking i mange ulike former når Forskingsdagane går av stabelen på alle campusane våre. Årets hovudtema for festivalen er tryggleik.

Tematikken kan tolkast ulikt og brukast av fleire forskingsmiljø. Årets program viser breidda i forskinga heilt frå det nære og enkeltindivida sin tryggleik, til samfunnstryggleik som  gjeld oss alle. Dette skal utforskast frå fleire ulike perspektiv.

–Tryggleik  angår oss alle i utrygge tider. Tematikken famnar også over eit breitt spekter av våre forskingsområde. Festivalen gir oss ein gyllen moglegheit til å formidle forskinga vår til både studentar, kollegaer og allmenta. Og formidling av forsking til allmenta blir stadig viktigare for å sikre at ny kunnskap når ut til fleire og for å motvirke desinformasjon, seier Christine Øye, prorektor for forsking ved HVL.

Breitt program for liten og stor i Bergen

Målet med Forskingsdagane er å gjere forsking tilgjengeleg for alle og skape engasjement, begeistring og gi ny innsikt. Frå HVL bidreg fleire forskarar frå ulike fagmiljø. I Bergen vert Festplassen nærast eit levande laboratorium med eige forskingstorg der små og store  kan  oppleve, prøve, eksperimentere, sjå og høyre på det som skjer i forskings- og utdanningsmiljøet i byen.  Frå HVL stiller bioingeniørmiljøet og elektroingeniørmiljøet. Ta gjerne turen innom torget lørdag 20. september!

Forskar Grand Prix er gøyal og lett forståeleg forskingsformidling i konkurranseform. Frå HVL deltek Kiri Lovise Njøten, stipendiat ved institutt for helse og funksjon ved FHS. Jarle Diesen, Hilmar Mjelde og Pål Ellingsen formidlar kunnskap til vidaregåande elevar under Forskingsdagane Ung. Fleire fagfolk frå HVL deltek også på skulebesøk, Researchers Night og andre spennande arrangement.

Fagdag, faglunsjar og opne temakveldar på Stord og i Haugesund 

På campus Stord kan du få med deg det årlege heildagsseminaret med innlegg frå blant andre psykologspesialist Line Marie Warholm, som løftar fram spørsmåla rundt barn og utanforskap, der fleire fagfolk frå HVL sit i panelet som skal samtale om temaet i etterkant. Barne- og ungdomspsykiater Henriette K. Sandven inviterer også til refleksjon rundt dagens diagnosekultur og korleis vi kan støtte barna utan å redusere dei til symptom. Det vert også fleire faglunsjar på campus Stord i løpet av festivalen.

Haugesund byr på alt frå frukostmøte om Kinas teknologiske framvekst, til fagdag om samtykkekompetanse i helsetenesta. Hensikta med sistnemnde er å gje auka innsikt innan eit etisk vanskeleg og komplisert fagfelt der deltakarane skal sitte igjen med konkrete verktøy for vurdering av samtykkekompetanse. Haugalendingane kan også få med seg fleire faglunsjar, frukostmøter og temakveld som spenner vidt frå tematikk rundt barn og ungdom, søvn, barn i samlivsbrot og eldreomsorg.

Helseteknologi, «Forskarsnakk» og pårørandefokus i Førde

To av dei som er med på å forme framtidas helsevesen, er masterstudent ved HVL i Førde, Jobjørn Myhren, og ingeniør og stipendiat Raquel Motzfeldt Tirach. I lag med fleire er dei i gong med å utvikle eit verktøy dei kallar digital tvilling, til bruk for pasientar som er under rehabilitering og opptrening. Dei vil fortelje om korleis dei har jobba så langt med denne forskinga, dei vil snakke om kjærleiken sin til teknologi, korleis den oppstod og korleis det er å forske.  

Førde byr også på unge forskarar bak podkasten «Forskarsnakk» som ønsker å formidle kunnskap om kva dei forskar på gjennom Ted-talks, sosialt samvær og underhaldning på kveldstid. Vidare får du både lunsj- og kveldssamtale om kva det vil seie å vere pårørande. Det vert også forskarsnop til den eldre garde gjennom senioruniversitetet i Førde.

Speedforsking, robotikk og trygg oppveksttematikk i Sogndal

Den årlege speedforskinga går av  stabelen i Sogndal, der møter du forskarar som på tre minuttar deler ulike prosjekt som bidreg til ny kunnskap og løysingar i samfunnet. Etterpå får  Christine Øye stilla dei raske spørsmåla. Kort, engasjerande – og fullt av forsking som gjer ein forskjell. På Sogndal bibliotek skal Gizam Venås snakke om trygg samhandling mellom menneske og robot, og elles byr dei på spennande arrangement som belyser trygg oppvekst for barn og ungdom, også i fleirkulturelle miljø.  

–Eg oppfordrar alle til å delta på eitt eller fleire av arrangementa på campusane våre for å lære og bli utfordra, avsluttar Christine Øye, prorektor for forsking ved HVL.

Sjå programmet på alle campusane våre her