Viktige diskusjonar om læringsmiljø, KI og campusliv: LMU samla i Førde og Sogndal

Læringsmiljøutvalet (LMU) ved Høgskulen på Vestlandet har gjennomført eit to dager langt møte 16. og 17. september, med samlingar og omvisingar på både campus Førde og campus Sogndal.

Møtet bød på gode og engasjerte diskusjonar kring nokre av dei mest dagsaktuelle sakene for studentane og studiekvardagen ved HVL. Møtet vart leia av Kristina Hop, som er grunnskulelærarstudent og i år læringsmiljøansvarleg i AU Studenttinget.

– Det å møtast fysisk på tvers av campusane er ein viktig del av arbeidet med å utvikle og vidareutvikle læringsmiljøet ved HVL. Då får vi moglegheit til å sjå og oppleve både utfordringane og løysningane som fins lokalt. Dette gir oss eit betre grunnlag for å forstå korleis studentane sin studiekvardag faktisk er på dei ulike studiestadane, og samtidig identifisere gode løysninger som kan delast og vidareutviklast på tvers av HVL, seier Kristina Hop.


Foto: Martine Myren

Les meir om læringsmiljøutvalet her

Kunstig intelligens (KI) og det sosiale læringsmiljøet

Eit av dei mest sentrale tema på dagsorden var HVL-studentane sin bruk av KI og implikasjonane dette har for læringsmiljøet.

Tal frå vår eiga forsking på studentane sin bruk av KI syner mellom anna at i 2025 oppga kun 33 % av studentane at dei hadde fått opplæring i KI.  40 % av studentane oppga at dei brukar KI til noko dei saknar i studiekvardagen – som nokon å diskutere med eller sparre med og for å finne ut av ting ein ikkje forstår. Diskusjonane i utvalet viste at den auka bruken av KI kan utfordre relasjonar, tillit og gruppediskusjonar, noko som i sin tur kan skape usikkerheit og stress blant studentane.

LMU drøfta fleire konkrete tiltak:

  • Etablere tryggare klassemiljø og diskusjonsarenaer utan skjerm der studentane må samarbeide.
  • Støtte faglærarar i å integrere KI i undervisninga på ein klok måte.
  • Vektlegge samarbeidsevner, som er etterspurd kompetanse i arbeidslivet.

Tilstedeværelse på campus og undervisningskvalitet

Med utgangspunkt i eit brev frå statsråden drøfta utvalet tiltak for å fremje auka tilstedeværelse på campus.

– Levande campusar er viktige, og dersom studentane skal ønske å vere på campus, må HVL også legge til rette for at det er ein stad med gode leseplassar, gode moglegheiter for fagleg og sosial aktivitet, gode klassemiljø og høg kvalitet i undervisninga, seier Hop.


Foto: Martine Myren

Utvalet understreka at kulturbygging i første semester er særleg avgjerande. Tilstedeværande lærarar, variert undervisning, og bruk av arenaer som «Klassens time» vart trekt fram som viktige grep for at studentane skal kjenne at dei får utbyte av å møte opp fysisk. Campus må opplevast som ein triveleg og inkluderande stad å vere.

– Studenttinget på Vestlandet og Læringsmiljøutvalet jobbar mellom anna for å iverksette trivselsmidlar. Trivselsmidlane skal fremme eit heilskapleg læringsmiljø ved HVL gjennom å støtte sosiale og faglege aktivitetar som bidreg til fellesskap, trivsel og sterkare tilknytning til fagmiljøa.

Universell utforming og fysiske rammer

I oppfølginga av Handlingsplan for inkluderande læringsmiljø og universell utforming diskuterte LMU korleis HVL må ruste seg for framtida. Innspela tok utgangspunkt i omvisningar på campusa og handla mellom anna om:

  • Tilrettelegging av skjerma og stille leseplassar
  • Betre utnytting og informasjon om klasserom som kan brukast til lesing
  • Betre ventilasjon i ulike klasserom


Foto: Anders Navarsete

Evaluering av studiestart og fadderordninga 2026

Utvalet evaluerte også årets velkomstveke. Det vart lagt vekt på at studiestart må inkludere både heiltids- og deltidstudentar, at masterstudentar som ynskjer å delta på fadderaktivitetar må få tilgang til det, og at fagmiljøa i større grad bør skape rom i undervisninga for at studentane blir kjende med kvarandre – i kombinasjon med alkoholfrie sosiale arrangement.

I tillegg oppnemnde utvalet jury for den nye Læringsmiljøprisen ved HVL, og handsama høring om revidering av HVL sin sin verksemdsstrategi.