Læringsmiljøutvalet (LMU)

Læringsmiljøet omfattar alle tilhøve som påverkar studentanes helse, sikkerheit og velferd. Læringsmiljøutvalet har ansvar for at HVL har eit inkluderande læringsmiljø og har eit særleg ansvar for universell utforming og for å sikre eit best mogleg læringsmiljø for studentar med særskilte behov og funksjonsnedsettingar.

Universell har ei pådrivarrolle for inkluderande læringsmiljø i høgre utdanning, dette er eit oppdrag gitt av Kunnskapsdepartementet. HVL støttar seg på Universell sin definisjon av læringsmiljø, universell utforming og inkluderande løysingar for studentar. LMU nyttar Universell sine fem operasjonaliserte omgrep for læringsmiljø:

  • Psykososialt læringsmiljø: omhandlar mellommenneskelege forhold. Dette har noko å seie for kjensla av tilhøyrsle, trivsel og samhandling mellom studentar, og mellom student og tilsett.
  • Pedagogisk læringsmiljø: omhandlar form, innhald og rammer for pedagogisk aktivitet som påverkar studentane si læring.
  • Fysisk læringsmiljø: omhandlar utforming og bruk av bygg og fysiske omgjevnader som skal danne grunnlag for god læringsaktivitet og læringsmiljø for alle studentar.
  • Organisatorisk læringsmiljø: omhandlar system for tilbakemelding og medverknad. Kvalitetssystem og Sei-ifrå systemet er døme på dette.
  • Digitalt læringsmiljø: omhandlar bruk av teknologi i læring og undervisning. Dette kan vidare koplast mot digitale læringsressursar og informasjonsplattformar.

Har du tilbakemelding som går på læringsmiljøet ditt? Sei ifrå!

Medlemmar av Læringsmiljøutvalet

Leiar

Ingrid Solberg, læringsmiljø- og velferdspolitisk ansvarlig i Studenttinget

Studentmedlemmar

  • Anna Rún Julnes
  • Sander Håland
  • Heidi Tveitehaug
  • Trym Jarle Sætherbø Vårdal

Tilsettmedlemmar

  • Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning
  • Kristine Selvikvåg Lundervold, fagtilsett innan undervisning med pedagogisk kompetanse
  • Mildrid Dahlberg, tilsett med kompetanse innan området tilrettelegging
  • Anne Kristin Rønsen, leiar for avdeling for undervisning og læring
  • Endre Laastad, avdelingsleiar for arealforvaltning, drift og utvikling

Varamedlemmar

  • Øystein Abrahamsen, vara for Kristine Selvikvåg Lundervold
  • Stine Caroline Grimsgaard Wærenskjold, vara for Mildrid Dahlberg
  • Maia Vatlestad, vara for Anne Kristin Rønsen
  • Øivind Henne, vara for Endre Laastad 
  • Kristoffer Tufta, vara for student

Observatørar

  • Thomas Mikkelsen, Eining for læringsmiljø og læringsstøtte
    • Kari Elisabeth Rimbereid, vara for Thomas Mikkelsen
  • Turid Bogetvedt Hitland, Bibliotek
    • Camilla Wang Pedersen, vara for Turid Bogetvedt Hitland
  • Gro Nesheim, Studentsamskipnaden
    • Rønnaug Tveit, vara for Gro Nesheim
  • Karin Bell, hovudverneombod
    • Hilde Kløften Duesund, vara for Karin Bell
  • Gøril Hillersøy, studentombod

Sekretær

Rådgivar
Høgskulen på Vestlandet

Møteplan for Læringsmiljøutvalet 2022/2023

  • Torsdag 15. september: heildagsseminar på campus Førde
  • Torsdag 3. november: digitalt, kl.13.00-15.00
  • Torsdag 23. februar: digitalt, kl.13.00-15.00
  • Torsdag 30. mars: digitalt, felles møte med Utdanningsutvalet, kl.12.00-13.30 
  • Mandag 8. mai: digitalt, kl. 13.00-15.00