
Vil gjere det lettare for unge innovatørar å satse!
Nytt samarbeidsprosjekt mellom Sogn Næring og Høgskulen på Vestlandet vil hjelpe unge entreprenørar til å realisere sine idear.
— Gründerskap er ei viktig satsing både hos, Sogndal kommune og Sogn Næring. Då er det heilt naturleg at vi går ilag om ei forsterka felles satsing, seier prorektor for regional utvikling Geir Kåre Resaland. Han signerte nyleg ein samarbeidsavtale med Sogn Næring om å opprette ei rådgjevarstilling som har som mål å bistå unge innovatørar.
— Arbeid med gründerar er ei av våre viktigaste oppgåver. Studentane ved HVL, elevane ved dei to vidaregåande skulane og ved folkehøgskulen fortener meir merksemd, seier Torgeir Skålid, dagleg leiar i Sogn Næring som også signerte avtalen.
Eit springbrett inn i framtida
Arbeidet i HVL Skape skal vidareutvikle studenttilbodet innan innovasjon og entreprenørskap gjennom rettleiing, kursing, workshops og finansieringsordningar. HVL Skape skal bistå studentar i innovasjonsprosjekt.
— Mange unge har ambisjonar om å skape noko nytt, og det er viktig å vidareutvikle den gode kulturen for entreprenørskap som finst ved HVL. Med HVL Skape vil vi gjere det lettare for studentar å teste ut tankar og få den støtta dei treng til å verkeleggjere sine idear.
Håpar på ein meir sticky-campus
Resaland trur dette kunne være med på å gjere campus til ein plass der studentane ønskar å vere også utanom undervisningstider, ein såkalla «sticky campus»:
— Vi vil skape ein livlegare campus med masse rom for kreativitet og læring, seier Resaland.
Stillinga vert utlyst om kort tid og håpet er at Sogn Næring og Høgskulen på Vestlandet saman kan skape grobotn for innovasjon blant unge i Sogn.