
HVL er nytt samarbeidssenter for Verdas helseorganisasjon
Høgskulen på Vestlandet har fått status som eit av WHO sine nye samarbeidssenter. Målet er å styrke bruken av kvalitativ forsking i den globale organisasjonen sitt arbeid med utforming av retningslinjer innan helse.
– Dette er ei stor moglegheit for Høgskulen på Vestlandet. Her ligg det mykje arbeid bak som vi set stor pris på, uttalte Gunnar Slettaløkken.
Han er instituttleiar ved Institutt for helse og funksjon ved HVL og deltok på lanseringa av det nye senteret i Bergen sist veke.
Viktig bidrag til utforming av helsepolitikk
Det nye senteret er leia av HVL-professor Claire Glenton, saman med førsteamanuensis Susan Munabi-Babigumira.
Verdas helseorganisasjon har til saman over 800 samarbeidssenter over heile verda. 13 av dei ligg i Noreg. Nokre er spesialisert innan ernæring og mental helse, medan andre tek for seg tema som kroniske sjukdomar og helseteknologi.
I tillegg til det nye senteret ved HVL, er det også peika ut eit søstersenter ved NTNU i Ålesund som støtte bruken av kvalitativ forsking i politikkutforming.
Rebekah Thomas frå sekretariat for WHO sin retningslinjekomité deltok under lanseringa sist veke. Ho framheva at dei mest effektive helsepolitiske tiltaka ikkje berre bygger på kunnskap om kva som har effekt, men også på innsikt i korleis menneske opplever, verdset og tek i bruk helsetiltak.
– Vi er svært takksame for samarbeidet og eg kan ikkje tenke meg betre partnarar enn HVL og NTNU for å jobbe med dette, sa ho.
Claire Glenton har gjennom fleire år vore med på å utvikle metodar for internasjonale kunnskapsbaserte helseretningslinjer, og ser no fram til å utvikle senteret.
– Kunnskap om effekt er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg når ein skal ta viktige avgjerder eller utforme tilrådingar. Gjennom fleire år har vi samarbeidd med WHO om å utforske korleis kvalitativ forsking kan hjelpe oss med å forstå om tiltak også er akseptable, gjennomførbare og meiningsfulle for dei som blir påverka av dei, seier ho.
Auka behov for kvalitativ forsking
Ein sentral del av Verdas helseorganisasjon sitt arbeid er å utforme internasjonale retningslinjer innan helse.
– Når vi no får rolla som samarbeidssenter, skal vi bidra til å styrke bruken av systematiske oversikter innan kvalitativ forsking i dette arbeidet, seier Munabi-Babigumira.
Ho påpeikar at dette mellom anna skal skje gjennom kurs og workshopar og øvingar som simulerer korleis retningslinjer blir utvikla.
Rebekah Thomas frå WHO påpeika at behovet for kvalitativ forsking i politikkutforming er veksande.
– Dette handlar om fleire teikn i tida. Mellom anna må vi jobbe aktivt mot mistrua til forsking. Vi treng også å ta inn over oss kompleksiteten i samfunnet, og kompleksiteten i sjukdomsforløpa som pasientar har. Dette kan kvalitativ forsking bidra med.
Styrka internasjonalt samarbeid
I mandatet ligg det også eit ansvar for å styrke og utvide samarbeidet mellom WHO og nettverka knytt til samarbeidssenteret, med særleg vekt på nettverk i lav- og mellominntektsland.
Ifølgje Munabi-Babigumira vil etableringa av samarbeidssenteret dermed gi nye moglegheiter for HVL og det komande Universitetet på Vestlandet.
– Gjennom dette arbeidet får vi moglegheiter til å utvide vårt strategiske nettverk og styrke HVL sin internasjonale profil. Det vil bidra til læring for alle partar, framhevar ho.