Arrangement og formidling(2)

Biblioteket er ein arena for formidling, der vi har arrangement, utstillingar og boklanseringar. Ønskjer du sjølv å dele noko? Ta kontakt med ditt campusbibliotek så hjelper vi deg.

Presenter forskinga di på biblioteket

Våre campusbibliotek er ein plass for formidling og kan hjelpe deg med praktisk tillrettlegging. Vi kan ordna med lokal, lyd, strøyming, plakat, markedsføring og noko å bite på.

Korleis vil du presentere?

Seminar/faglunsj

Har du skrive ein artikkel eller er det eit forsknings-/prosjektsarbeid du står midt oppe i? Då kan du presentere det på våre faglunsjer.

Boklansering

Har du ei rykande fersk bok? Då kan vi leggje til rette for ei boklansering. Det kan bli ein god samtale mellom forfattar og publikum.

Utstilling

Har du noko du vil vise fram? Biblioteket har utstillingsplass og vi stiller han gjerne til disposisjon.

I tillegg har alle biblioteka faste utstillingar med nye bøker, og på nesten alle campus blir HVL-tilsette sine forskingsarbeid vist fram.

Kunstnarisk framstilling

Har du eit kunstnarisk utviklingsarbeid du vil dele med deg av?

Biblioteket er òg medarrangør for Forskningsdagane og større hendingar som Magnus Lagabøte-jubileet, samt har vår eigen Skrivefestival.

Arrangement på våre campusbibliotek

Kontakt oss

Har du lyst å arrangere noko på biblioteket eller vil ha hjelp av oss, kontakt oss!

Bergen

bilde av Elisabeth Solheim

Elisabeth Solheim

Universitetsbibliotekar

Førde og Haugesund

bilde av Susanne Osland

Susanne Osland

Hovudbibliotekar

Sogndal

bilde av Else Brita Ness

Else Brita Ness

Universitetsbibliotekar

Stord

bilde av Hanna Mai Hovedalen Halsebakke

Hanna Mai Hovedalen Halsebakke

Spesialbibliotekar