Forlagsforhandlingar: Status og tilgang
På denne sida finn du meir informasjon om pågåande forhandlingar mellom Sikt (norske institusjonar) og forlag.
Avtalen med Wiley blir ikkje vidareført
4. februar 2025 melder Sikt at forhandlingane med forlaget Wiley ikkje har ført fram. Forskarar ved norske institusjonar kan frå 2025 ikkje lenger publisere ope (Open Access) utan ekstrakostnader i tidsskrifta til Wiley.
For publisering i Wiley-tidsskrift gjeld dermed følgjande:
- Dersom tidsskriftet er eit godkjent Open Access-tidsskrift, kan du søke publiseringsstøtte frå fondet vårt.
- Dersom tidsskriftet er eit abonnementstidsskrift utan avgift, gjer du artikkelen din ope tilgjengeleg som manusversjon i institusjonsarkivet vårt
Les meir om ulike former for Open Access på nettsidene våre.
Vi har lesetilgang til tidsskriftårgangar vi tidlegare har abonnert på.
Les meir
Har du spørsmål?
For spørsmål om lesetilgang, kontakt leiar for HVL-bibliotekets Eining for informasjonsressursar, Ragnhild Vingsand.
Forfattarar som har spørsmål til publiseringsdelen av «publiser og les»-avtalane kan kontakte Kjetil Sletteland eller sende e-post til oa-fond@hvl.no.