Undervisning og kurs for forskarar
Biblioteket presenterer nyttige tema for deg som forskar, skriv og publiserer.
Biblioteket tilbyr undervisning, kurs og workshops i ei rekke ulike tema. Kvart semester har vi opne undervisningsøkter om søk, referansehandtering, publisering og akademisk skriving. Utover dette er forskargrupper, institutt og fakultet velkomne til å ta kontakt med oss for innlegg om eitt eller fleire tema, eller kome med forslag til samarbeidsformer. Vi skreddarsyr gjerne eit tilbod, ta kontakt med Kåre Johan Mjør.
Program for hausten 2025
- 17. september: Doing your literature review, but which one?
- 24. september: Academic writing for researchers
- 1. oktober: The publishing process
- 14. oktober: Open access publishing
- 20.-25. oktober: Open Access Week (ulike føredrag)
- 29. oktober: Authorship
I november/desember planlegg vi fleire økter om kunstig intelligens, mellom anna om KI som verktøy for å følge faglege debattar, bruk av KI i kunnskapsoppsummeringar, og generelle tips til bruk av KI i forsking, mellom anna som forskingsassistent.
Tema vi tilbyr
- Ressursar for forskarar: Google Scholar, Publons, Scopus, Web of Science, Research Gate
- Orcid og forfattaridentitet
- Litteratursøk: Kvar du bør søke og korleis
- Kunnskapsoppsummeringar, protokollar og screening
- Referansehandtering: korleis bygge ditt eige artikkelarkiv
- Open publisering av forskingsdata
- Akademisk skriving
- Vancouver-reglane for forfattarskap
- Publiseringsprosessen (publiseringskanalar, fagfellevurdering)
- Open Access / APC - kostar det pengar?
- Plan S
- Cristin/NVA og publikasjonspoeng
- Forskingsevaluering: Norsk publiseringsindikator, siteringar, impaktfaktor, H-index
- Akademisk reielegheit: useriøse publiseringskanalar og sjølvplagiering
- Opphavsrett til eigne arbeid og institusjonell rettighetspolitikk