Skrivefestival Bergen
Skrivesenteret og biblioteket inviterer til skrivefestival 26.–28. oktober kl. 10–16 på Kronstadtorget.

Program:
Tysdag 27. oktober kl. 11:30: Boklansering med pizza.
Å skrive fag kom i tredje utgåve i sommar. Boka tar for seg skriving i ulike fag og gir konkret rettleiing på alle stega i skriveprosessen. Redaktør Åse Kallestad presenterer den nye utgåva med spesielt fokus på dei nye kapitla, eitt om fagskriving i helse- og sosialfag, og eitt om korleis vi skriv med (eller utan) kunstig intelligens.
I tillegg kan vi tilby:
- minikurs i Zotero, å skrive med kjelder, studieteknikk og mykje meir
- rettleiing i form av våre kjente tilbod Søkeakutten og Skrivehalvtimen
- rom til å sitte og skrive, saman eller åleine!
Velkommen til alle skrivelystne!