
Språklunsj
Har du norsk som andrespråk? Har du lyst til å øve deg på å snakke norsk, eller utveksle erfaringar om det å vere utlending i Noreg?
Torsdagar kl. 11.30-12.30 er du velkommen til språklunsj i sofakroken på biblioteket ved campus Førde.
Språklunsj er ein lågterskel møteplass for studentar, stipendiatar og tilsette som ynskjer å bli betre i norsk, diskutere kvarandre sine tekstar og ha det sosialt.
Du er hjarteleg velkommen også om du har norsk som morsmål og har lyst til å vere “språkvenn”.
Ta med noko å ete, så varter biblioteket opp med kaffi og te.