Referansar og litteraturlister

I alle typar skriftlege oppgåver vil du ha behov for å referere til noko andre har skrive eller sagt. Det finst bestemte reglar og stilar for korleis du skal gjere dette.

Eit formelt system for referansehandtering er naudsynt for å:

  • Anerkjenne andre sine arbeid
  • Setje emnet ditt inn i ein større fagleg samanheng
  • Vise at du har lese litteratur om emnet
  • Gjere det mogeleg for andre å finne fram til kjeldene dine.

Det finns ei rekkje ulike stilar for korleis litteraturlista skal vere og det er ulike måtar å tolke stilane på. Det viktigaste er at du er konsekvent i kva løysingar du vel:

APA

Standarden til American Psychological Association (APA) er ein mykje brukt standard. APA er ein variant av Harvard-systemet (forfatter-årstall-metoden).

APA 7th - Søk & Skriv
APA 7th - Kildekompasset
APA 7th - Norsk APA-manual

Dei som allereie brukar APA 6th i oppgåva si skal ikkje endre til APA 7th.

APA 6th - Kildekompasset
APA 6th - Norsk APA-manual

Harvard

Harvard-stilar er fellesbetegnelse for referansar kor forfattar og årstall plasseres i parentes i teksten.

Harvard - Søk & Skriv
Harvard - NTNU

IEEE

IEEE (Institute of Electrical and Electronics Engineers) er ein referansestil som ofte blir brukt innan tekniske studier.

IEEE - Kildekompasset

Vancouver

Vancouver-stilen er ein numerisk stil, vanleg i medisin, helsefag og naturvitskaplege fag.

Vancouver - Søk & Skriv
Vancouver - NTNU

Sjå Søk & Skriv for meir informasjon og oversikt over vanlege referansestilar.


Referanseverktøy

Program som hjelper deg å halde orden på referansane dine og genererer ferdig formaterte litteraturlister for deg. Biblioteket tilbyr kurs og brukarstøtte i Zotero og EndNote.

Spørsmål?

Biblioteket svarar deg på alt som handlar om referansar og litteraturlister

Kontakt oss for hjelp