Lærarars møte med andrespråkselevar

Brita Høyland disputerer 29. januar 2021 for ph.d.-graden ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Høgskulen på Vestlandet (HVL), med avhandlinga Lærarars talespråklege praksisar i møte med andrespråkselevar. Ein studie av variasjon og refleksjon.

Avhandlinga er ein studie av lærarars talespråklege praksisar i andrespråks-undervisning. Studien søkjer å forstå og få innsikt i dei språklege praksisane lærarar nyttar i møte med elevar som har norsk som sitt andrespråk, gjennom å undersøkja kva for norsk talespråkleg variasjon lærarane har, korleis møte med elevane kan forma variasjonen og korleis språkideologi kjem til uttrykk gjennom læraranes variasjon og refleksjon.

Datamaterialet er samla inn ved ein ungdomsskule på Sørvestlandet, der nynorsk er opplæringsspråket. Del 1 av datamaterialet inneheld observasjonar og videoopptak av tre lærarars talespråklege praksisar i undervisningsøktene. Del 2 av datamaterialet inneheld individuelle semistrukturerte intervju med dei same lærarane. Ein sentral del av intervjuet er videostimulert refleksjon, der lærarane kommenterer eigen språklege variasjon.

Lærarane har ulik dialektbakgrunn frå Noreg, og dette viser seg i ulike individuelle trekk ved variasjonspraksisane deira i andrespråksundervisninga. Læraranes språkbruk har til felles at dei er kjenneteikna av variasjon innanfor alle språknivåa. Variasjonen er hovudsakleg analysert på aksen dialekt–skriftnær tale. Skriftnær tale inngår i variasjonen saman med variantar som representerer lærarens dialektbakgrunn og/eller det aktuelle lokalsamfunnets dialekt. I intervjuet uttrykkjer lærarane positive haldningar til variasjonen dei vert merksame på i videoutdraga, men dei uttrykkjer også tvil om den talespråklege variasjonen er positiv eller negativ for elevane.

Funna i denne studien skil seg frå funn i andre studiar. Tidlegare forsking har vist at det mest brukte språket i denne typen undervisning er eit bokmålsnært talemål. I denne studien er talespråkleg variasjon dominerande. Nynorsk som opplæringsspråk ser ut til å vera ein døropnar for den komplekse variasjonen. Studien viser også at læraranes språkbruk ikkje er del av den didaktiske planlegginga deira. Det metaspråklege fokuset på norskspråkleg variasjon førekjem difor spontant i undervisninga, og ofte elevinitiert. Innsiktene frå dette forskingsprosjektet kan ha implikasjonar for lærarutdanninga. Ei tilråding er å øva studentane i å reflektera kring eigne språklege praksisar knytt til det didaktiske potensialet som ligg i eventuelle variasjonspraksisar i andrespråksopplæring.

Hovudrettleiar har vore professor Agnete Nesse frå Universitetet i Bergen (UiB), og medrettleiar har vore professor Sissel Margrethe Høisæter frå Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Personalia

Brita Høyland (f. 1974) bur og arbeider på Stord. Ho har tidlegare vore høgskulelektor i norsk ved NLA høgskulen (Bergen), og ho har også vore tilsett ved Stord vidaregåande skule. Sidan 2013 har ho vore tilsett som høgskulelektor og seinare ph.d.-stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet (Stord). Utdanninga er frå Universitetet i Bergen, og inneheld engelsk, lingvistikk, norsk som andrespråk og nordisk (master) og praktisk pedagogisk utdanning (PPU).

Ved HVL har ho undervist i mange språklege emne i barnehage- og grunnskulelærarutdanninga og i etter- og vidareutdanningar av lærarar. Det siste året har ho også undervist og rettleia studentar i språkdidaktikk og vitskapsteori i masterutdanningane ved HVL. Forskingsfeltet hennar er sosiolingvistikk, norsk som andrespråk og språkdidaktikk.


høyland.jpg

Disputas

Fredag 29.1.2021 kl. 10.30

Lenke til Zoom: https://hvl.zoom.us/j/69303192334?pwd=WnhFVE5JdGFlWjZ2Vm1QNTNyZGNmUT09.

Prøveforelesing

Fredag 29.1.2021, kl. 9.00. Tema for prøveforelesing: "Kva relevans har funn frå språhaldningsforskning for undervisning av elevar med norsk som andrespråk?"