Maritim situasjonsforståing i møte med cyberhendingar

Allan Kevin Nganga disputerer 1. juni for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga "Maritime Situation Awareness in the Context of Cyber Events".

Den maritime sektoren har vorte stadig meir avhengig av samankopla digitale system for kritiske skipsfunksjonar. Sjølv om denne digitale omstillinga legg til rette for tryggare og meir berekraftig drift, har ho òg introdusert noko nytt, nemleg digital tryggleiksrisiko.

Kommunikasjonen mellom skip og M-SOC under handtering av cyberhendingar

Eit framveksande problem er handtering av cyberhendingar ombord på fartøy. Dette inneber særskilde utfordringar samanlikna med landbaserte system, særleg fordi det er krevjande å følgje opp og handtere hendingar frå land når fartøy er til havs.

Som følgje av dette er reiarlag i aukande grad avhengige av Maritime Security Operations Centres (M-SOC) for kontinuerleg trusselovervaking og støtte i hendingshandtering. Denne fjernresponsen krev ofte tett koordinering mellom den ikkje-cybertekniske besetninga ombord og ekspertane på land (M-SOC-analytikarar og skipa sine IT-team). Kor effektiv denne koordineringa er, avheng av at alle aktørane har tilstrekkeleg situasjonsforståing. Situasjonsforståing handlar om å forstå kva som skjer rundt ein, og korleis situasjonen utviklar seg.

Denne doktorgraden undersøkjer korleis omgrep frå situasjonsforståing kan brukast for å betre kommunikasjonen mellom skip og M-SOC under handtering av cyberhendingar. Eit sentralt omgrep som vert nærare undersøkt, er Common Operational Picture (COP), som gjer det mogleg å få oversikt over både tidlegare og framveksande tilstandar for aktørar, hendingar og forhold som er relevante i ein gitt situasjon.

Semistrukturerte intervju og casestudie

Studien byggjer på ei kvalitativ tilnærming. Data er samla inn gjennom semistrukturerte intervju med fagekspertar i M-SOC og ein casestudie med fire månaders feltarbeid i eit M-SOC. I denne perioden vart det samla inn førstehandsdata om prosessar og rutinar for handtering av cyberhendingar på fartøy, og henta òg inn tilbakemeldingar.

Eit sentralt funn i studien er at prosessar for hendingsanalyse og det operative domenet har stor innverknad på handteringa av cyberhendingar på fartøy. Krav til cyber-oppstart (onboarding) og kommunikasjon ved hendingar spelar òg ei viktig rolle i denne prosessen.

Vidare vert implementering av eit dashbord om bord peika på som ein viktig faktor for utvikling av ein felles operativ situasjonsforståing (COP) mellom M-SOC, besetninga om bord og IT-teama på land.

Studien føreslår eit prosessflytrammeverk for situasjonsforståing i M-SOC. I dette rammeverket blir Common Operational Picture framstilt som eit verktøy i prosessen, der informasjonsbehov blir kopla til dei ulike stega i situasjonsforståing: å oppfatte, forstå og føreseie utviklinga, under handtering av cyberhendingar på fartøy.

Personalia

Allan Kevin Nganga har ein bachelor- og mastergrad i informasjonssystemteknologi frå United States International University i Kenya. Han har fleire års erfaring frå industrien innan digital etterforsking. I 2022 starta Nganga på ein doktorgrad i maritim cybersikkerheit gjennom doktorgradsprogrammet i nautiske operasjonar mellom NTNU, UiT, HVL og USN. I dag arbeider han som senior prosjektingeniør, der han nyttar kunnskapen og ferdigheitene sine i praksis.

Prøveforelesing og disputas

Tittel på prøveforelesing: "What does experience in industries with similar environments to maritime tell us about the success factors in an M-SOC? Is there research/data/anecdotal evidence that indicates an M-SOC would improve the cyber resilience of the sector?"

Prøveforelesning klokka 9.00 i Auditorium B, Høgskulen på Vestlandet, campus Haugesund

Forsvar av avhandlinga klokka 10.30 i Auditorium B

Disputasen kan også følges digitalt. 
Lenke til Zoom:  https://hvl.zoom.us/j/61845624436?pwd=67bceATGKQi4WzPBobPSOyueIxFa0c.1&from=addon  
Meeting ID: 618 4562 4436. Passcode: 325189  

Mottaking hos Rederiforeningen omlag klokka 15.00.

Komite

  • Associate Professor Kimberly Tam, University of Plymouth, UK 
  • Professor Stephen McCombie, NHL Stenden University of Applied Sciences Leeuwarden, Netherlands  
  • Associate Professor Vedrana Jez, HV (komitéleiar) 

Disputasleiar

Prodekan Brit Julbø, HVL.

Rettleiarar

Associate Professor Joel Scanlan, HVL  (hovudrettleiar)
Professor Margareta Lützhöft, HVL and  
Associate Professor Steven Mallam, USN