Mobilitetsstipend for stipendiatar ved HVL
Mobilitetsstipend skal sikre at stipendiatar har like moglegheiter for utanlandsopphald i forskarutdanninga. Gjennom stipendordninga ønskjer HVL å stimulere til utanlandsopphald, både for å fremme internasjonal erfaring for stipendiatane og for å bygge kvalitet i doktorgradsprogramma.
Du kan søke om stipend for forskingsopphald i 3 månader ved ein forskingsinstitusjon i utlandet. Det blir gitt støtte til opphald der formålet er å delta i fagleg aktivitet som vil styrke søkjaren sitt ph.d.-prosjekt. Opphaldet skal bidra til internasjonal nettverksbygging og auka samarbeid med utanlandske forskingsmiljø for HVL. Dei som skal søke stipend må sette seg godt inn i retningslinjer for mobilitetsstipend for utanlandsopphald i forskarutdanninga.
Om stipendet
Kven kan søke?
Ordninga gjeld for stipendiatar tilsett ved HVL. Stipendiatar finansiert av Forskingsrådet, inkludert ph.d.-kandidatar med finansiering frå Forskingsrådet sine ordningar «Offentleg sektor ph.d.» og» Nærings ph.d.», må søke NFR om støtte til utanlandsopphald. Ordninga opnar for at eksternfinansierte stipendiatar som er tilsett ved HVL kan søke, men berre dersom ekstern finansieringskjelde ikkje gir støtte til utanlandsopphald.
Fakulteta kan i særskilte tilfelle gjere unntak frå krav om tilsetting ved HVL.
Om stipendet
Utanlandsopphaldet, fortrinnsvis ved ein forskingsinstitusjon i Europa, må vere på minimum 3 månadar samanhengande og det kan søkjast om stipend for å dekkje meirutgifter for 3 månader. Opphaldet må avsluttast minst 6 månadar før sluttdato for tilsetting som stipendiat. Den som søkjer bør ha undersøkt andre finansieringskjelder. Andre finansieringskjelder vil til dømes kunne støtte lengre utanlandsopphald. Ph.d.-handboka gir informasjon ulike finansieringskjelder for utanlandsopphald. Det er mogleg å kombinere mobilitetsstipendet med andre stipend, f.eks. frå Erasmus+, så lenge det ikkje medfører dobbeltfinansiering av opphaldet.
Mobilitetsstipendet skal dekke meirutgifter ved eit utanlandsopphald. Alle meirutgifter må dokumenterast med kvittering i etterkant av opphaldet. Merk at eit eventuelt overskot må betalast attende til HVL via trekk i løn. Søkjarar pliktar å rette seg etter HVL sine rutinar for reiseoppgjer ved utanlandsopphald.
Kor mykje kan det søkjast om?
Det kan søkjast om inntil kr. 50 000 for einslege og kr. 80 000 for opphald med familie. I tillegg kan det søkjast om støtte til reiseutgifter tur/retur på billegaste reisemåte. Utgiftene må dokumenterast i reiseoppgjeret i etterkant. 20 % av innvilga sum for einslege må normalt dekkast av stipendiaten sine driftsmidlar. For opphald med familie vert det også trekt 20% av sats for einslege.
Detaljert informasjon om kva stipendet dekkjer finn du i “ Rutinar for reiseoppgjer ved utenlandsopphold” .
Ordninga med familiestøtte er avgrensa til å gjelda familiar med barn under 18 år, og familiemedlemmene må opphalde seg saman med stipendiaten i heile perioden. Mobilitetsstipendet dekkjer ikkje reisekostnader for at familien skal kunna besøkje stipendiaten i utlandet i kortare periodar.
Før avreise: Søknad og utbetaling av stipend
Før ein søkjer om mobilitetsstipend er det viktig å setja seg godt inn i retningslinjer for mobilitetsstipend og rutinar for reiseoppgjer ved utanlandsopphald.
For å få nok tid til søknad og sakshandsaming vert det tilrådd at stipendiaten går i gang med planlegging av søknaden tidlegare enn 6 månader før utanlandsopphaldet. Som hovudregel kan stipendmottakar få utbetalt inntil 100 % av stipendet som forskot inntil 2 månader før utreise.
Søknadsprosess:
- Søknad om mobilitetsstipend skal sendast på fastsett søknadsskjema inkludert obligatoriske vedlegg til post@hvl.no . Stipendmottakar må rekna med at det går minimum 2 månader frå innlevering av søknad til utbetaling av stipend.
- Søknaden vert handsama av det fakultetet stipendiaten er tilsett. Ein får skriftleg tilbakemelding frå fakultetet når søknaden er handsama.
- Etter innvilga mobilitetsstipend må ein fylla ut skjemaet «Utbetaling av utenlandsstipend – forskudd». Nærare informasjon om dette vil verta gitt i svarbrevet frå fakultetet.
Mobilitetsstipendet vert utbetalt forskotsvis i ein eingongssum frå lønnskontoret saman med hovudlønn.
- Hugs å ta vare på kvitteringar, fakturaar og anna dokumentasjon for utgifter i samband med utanlandsopphaldet. Dette gjeld for alle relevante kostnader som stipendet kan brukast til, og det skal leggjast fram for HVL ved heimkomst i forbindelse med sluttoppgjeret. Dersom ein er usikker på kva stipendet dekker kan ein kontakte administrativ ph.d.-koordinator på doktorgradsprogrammet
Ved heimkomst: Sluttoppgjer og formidling
- Så snart som mogleg, og seinast innan ein månad etter heimkomst, skal stipendmottakar vise dokumenterte reise- og meirutgifter ein har hatt i samband med utanlandsopphaldet. Oppgjersskjemaet skal sendast til lønskontoret (lonn@hvl.no). Bilag til alle utgiftene skal leggast ved skjemaet. Dette er ein forutsetning for å få utgiftene godkjende. Merk at eit eventuelt overskot av utbetalt stipend skal betalast tilbake gjennom trekk i løn.
Det vert lagt ut meir informasjon om utfylling av oppgjersskjemaet så snart dette er klart. - Stipendmottakar vert oppmoda om å presentera erfaringane sine i relevant forum ved HVL etter at utanlandsopphaldet er gjennomført. Fakulteta kan be om kort skriftleg rapport frå opphaldet.