Draumen

Bidragsytere: Jonas Olsen, Marte Aadland Simonsen, Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt, Frode Hammersland

Kunstnerisk utviklingsarbeid med eksplisitt refleksjon


Draumen er ein performance som vert spelt som om den er ein draum, og publikum får oppleva draumen ved å gå inn i eit estetisk opplevelsesrom. Denne improviserte kunstperformancen med dans, drama, musikk og film er retta mot born og har som mål å fange publikum i ein mindfull atmosfære. Performancen er ikkje forklart og er meint å aktivere alle sansar. Publikum vil, ved å være til stades i augneblinken, delta, føle førestillinga og suge til seg det som skjer ved å aktivere sine eigne sansar.

Performancen har utgangspunkt i eit Erasmus+-prosjektet Arts and Mindfulness in Education (AMiE). AMiE er eit innovasjonsprosjekt som forsøker å gi europeiske lærarar inspirerande og støttande verkty til introduksjon av mindfulness i barnehage og grunnskuleopplæringa (aldersgruppe 3 til 12). AMiE er unikt ved at den bruker kunstens kraft og kreative prosesser som utgangspunkt for introduksjon av mindfulness i skulesamanheng.

Performancen varer i 20-40min, og er gjennomført 17 gongar i perioden november 2021 - mars 2024. Antall publikummarar på forestillingane var på til saman mellom 300-400.

Gå til lenke i Panopto.