Digital formidling

Nysgjerrig på funn frå END-prosjektet, Etterlatte ved narkotikarelatert død? Her finn du ei samling av digitale fomidlingar frå oss, og podkasten ENDkast.

Snarvegar:  Podkast   |  Digitale foredrag   |   Intervju og artiklar

END-podden: ENDkast

ENDkast er END-prosjektet sin eigen podkast. ENDkast inviterer fagpersonar, etterlatne og forskarar til samtalar som handlar om dei etterlatne etter narkotikarelatert død, korleis dei har det og korleis dei blir møtt av hjelparar og andre i samfunnet. ENDkast er for alle som ønsker å forstå meir om situasjonen til dei etterlatne. Det kjem nye episodar månedleg.

Episode 4: Søsterens fortelling

I «Søsterens fortelling», episode 4, snakkar klinisk sosionom og etterlaten søster Hilde Bergesen med Sari Lindeman om korleis søsken kan erfare å være etterlaten etter narkotikadød.

Episode 2: Vi må snakke om det

I «Vi må snakke om det», episode 2» møter du Kim-Leon Stangeland, mentor og erfaringskonsulent frå Alarm i samtale med Sari Lindeman om etterlatne vener som har eigne rusutfordringar.

Transkripsjon: Vi må snakke om det. Episode 2.

 

Transkripsjon: END-prosjektet - røtter og topper. Episode 1

 

Innspel til tema i podkasten?
Kontakt oss i END-prosjektet

Digitale foredrag

Eit utval av foredrag om END-prosjektet.

Om END-prosjektet

Korleis forske på etterlatne som har mista nokon i narkotikarelatert død? Høyr professor Kari Dyregrov fortelje om bakgrunnen og designet for forskingsprosjektet END i innlegget på Forskning i fyr og flamme 15. oktober 2020.

Foreldre

Korleis opplever foreldre narkotikarelaterte dødsfall, kva er konsekvensane og korleis handterer dei tapet? Høyr stipendiat Kristine Berg Titlestad presentere resultata frå intervju med etterlatne foreldre.

Vennar og familie

Korleis kan vennar og familie møte etterlatne ved sjølvmord og narkotikarelatert død? Professor Kari Dyregrov fortel om støtte frå sosiale nettverk, frå andre som har opplevd det same og den profesjonelle hjelpa. Litteraturhuset i Fredrikstad 8. oktober 2020.

Hjelparar

Korleis kan hjelparar støtte etterlatne ved narkotikarelatert død? Professor Kari Dyregrov fortel mellom anna om korleis hjelpeapparatet handterer narkotikadødfall og kva hjelp og støtte dei etterlatne får. Pårørandekonferansen i Stavanger 23. september 2020.

Verdibørsen på NRK

Å miste noen, kan være smertefullt. Men de som mister noen pga narkotika, kan oppleve ting som gjør sorgen vanskeliger. Erfaringskonsulent Sølvi Kaald og prosjektleder Kari Dyregrov om sorgen etter et narkotikarelatert dødsfall. Samtalen begynner 01.59.

Transkripsjon: Verdibørsen 16. november 2019

Intervju og artiklar

Ei samling intervju og artiklar frå Sinn og Samfunn, eit magasin frå Mental helse.