Geofaredagen 2023
Geofaredagen blei arrangert i Sogndal 19. og 20. oktober 2023.
19.oktober: Geofaredagen på Høgskulen på Vestlandet Campus Sogndal
20.oktober: Ekskursjon: Geofarar på Vestlandet
Geofaredagen i 2023 vart arrangert av Instituttet for miljø- og naturvitskap på Høgskulen på Vestlandet.
Kva er Geofaredagen?
Geofaredagen er ein møtestad for studentar, forskarar og andre som jobbar med geofarar i Noreg. Her skal ny og pågåande forsking presenterast. Geofaredagen har søkelys på studentar og deira arbeid, og er også eit viktig forum for geo-bransjen til å møta og rekruttera nye og motiverte medarbeidarar.