Digitalt program

15. oktober 2020

Teikn-til-tale i barnehagen

  • 09:00
    09:15
    Velkomst og opning
  • 09:15
    09:50
    Suksesskriterier for vellukka organisering i praksis: barn - foreldre - personalgruppe

    May Britt Nortveit, rådgivar, og Gunn Marit Edland, fagarbeidar, Gjesdal kommune. 

  • 09:50
    10:00
    Pause
  • 10:00
    10:25
    Baby Sign as Deaf Gain

    Benjamin Anible, lingvist,  Høgskulen på Vestlandet  

  • 10:25
    10:35
    Pause
  • 10:35
    11:00
    Kva skjer når barnehagen brukar teikn til alle i barnehagen? Funn frå forskningsprosjektet “Teikn til alle i barnehagen”

    Birgitte Torbjørnsen,   barnevernspedagog og teiknspråktolk,  Høgskulen på Vestlandet 

  • 11:00
    11:10
    Pause
  • 11:10
    11:35
    Teikn til dei aller minste

    Christina Eng Hauge, pedagog og kurslærar i beibiteikn  

  • 11:35
    12:30
    Lunsj
  • 12:30
    12:50
    Teikn-til-tale til fleirspråklege

    Maria-Rosa Doublet, Høgskulen på Vestlandet 

  • 12:50
    13:00
    Pause
  • 13:00
    13:25
    Ein far sine erfaringer med teikn-til-tale og utviklinga av Milla Says – ein digital plattform for å bygga godt språkmiljø rundt brukarar av teikn-til-tale.

    Aleksander Helmersberg, pappa og grunder, Milla Says 

  • 13:25
    13:35
    Pause
  • 13:35
    14:00
    Teikn og tilhørighet - kommunikasjon på eigne vilkår

    Jan Kåre Breivik, sosialantropolog, og Gro Hege S. Urdal, teiknspråktolk og pedagog, Høgskulen på Vestlandet 

  • 14:00
    14:20
    Interaktiv økt. Erfaringsutveksling i summegrupper.

    Edit Bugge, Høgskulen på Vestlandet

  • 14:20
    14:30
    Oppsummering av dagen i fellesskap

Meir om føredragshaldarane på konferansen:  

May Britt Nortveit

May Britt Nortveit er utdanna førskulelærar, og ho var tidlegare styrar i Solås barnehage som bruker teikn-til-tale aktivt i kvardagen. Ho er nå rådgivar i avdeling for oppvekst i Gjesdal kommune.

Gunn Marit Edland

Gunn Marit Edland er barne- og ungdomsarbeidar i Solås barnehage. Her bruker ho teikn-til-tale dagleg til ni barn i småbarnsavdelingen.  

Benjamin Anible

Benjamin Anible har utdanning som tegnspråktolk og lingvist, og han er nå førsteamanuensis på Høgskulen på Vestlandet. Han underviser på bachelor i teiknspråk og tolking, og han forskar på billedlighet (ikonisitet) i teiknspråk. Han deltar også i eit prosjekt som skal dokumentera språkbruk i norsk tegnspråk.

Birgitte Torbjørnsen

Birgitte Torbjørnsen er utdanna teiknspråktolk og barnevernspedagog. Ho har jobba med teikn-til-tale til eit barn med Downs Syndrom i barnehage. Nå er ho lektor på Høgskulen på Vestlandet kor  ho underviser tolkestudentar og barnehagelærarar. Birgitte forskar på bruk av teikn til alle i barnehagen

Christina Eng Hauge

Christina Eng Hauge er faglærar med årsstudium i teiknspråk. Ho har også erfaring frå barnehage med døve, hørselshemmede og høyrande barn. Ho har brukt teikn til sine eigne to barn, og ho held kurs og bloggar om babyteikn.

Maria-Rosa R. Doublet

Maria-Rosa R. Doublet er stipendiat på Høgskulen på Vestlandet. Ho forskar på tidleg andrespråkslæring i norsk og språkutvikling hos fleirspråklege barn med fokus på ordforråd i barnehagen.

Aleksanders Helmersberg

Aleksanders Helmersberg er grunder og pappa til ei jente med Downs Syndrom. Aleksander sa opp jobben sin for å starta Milla Says. Dette er eit firma som utviklar digitale verktøy som kan bidra til god kommunikasjon for barn og vaksne med manglande eller lite verbal tale.

Jan Kåre Breivik

Jan Kåre Breivik er professor på institutt for velferd og deltaking på Høgskulen på Vestlandet. Han deltar i et forskningsprosjekt om utvikling av digitalt samhandlingsverktøy for å støtta språkutvikling og kommunikasjon med teikn-til-tale. Hans fagfelt er funksjonshemmingsforskning, samfunnsarbeid, samfunnsfag og sosialantropologi. 

Gro Hege Saltnes Urdal

Gro Hege Saltnes Urdal er førsteamanuensis på Høgskulen på Vestlandet. Ho deltar i forskningsprosjektet om utvikling av digitalt samhandlingsverktøy for å støtta språkutvikling og kommunikasjon med teikn-til-tale. Gro Hege er utdanna teiknspråktolk og lærar, og ho forskar også på læringsmiljø for hørselshemma barn.

Edit Bugge

Edit Bugge er førsteamanuensis på Høgskulen på Vestlandet. Ho forsker på og underviser i emne knytta til språkleg variasjon, endring og språktilegnelse. Ho er koordinator for regional kompetanseheving i barnehage og ho deltar i forskningsprosjektet “Sustainable language practices in Norwegian Kindergartens”.