Konferanse om teikn-til-tale i barnehagen

Digital konferanse 15. oktober 2020

Kjære konferansedeltakar!

På grunn av ein uoversiktleg situasjon med auka koronasmitte i Bergen, har me bestemt at konferansen om teikn-til-tale no blir flytta frå hotell Terminus til eit digitalt format. Alle som har meldt seg på vil få tilsendt innloggingsinformasjon og lenke til konferansen seinast måndag 11. oktober.

Sjølv om konferansen nå blir digital, har me ein del utgifter, mellom anna må me betala honorar til foredragshaldarar og deler av rekninga til hotellet på grunn av sein avbestilling. 

Som tidlegare varsla kan me derfor ikkje betala tilbake deler av påmeldingsavgifta. Det er me lei oss for! Som kompensasjon for den gode lunsjen som de går glipp av, vil alle som har meldt seg på før 15. september få 25% rabatt på vår neste konferanse. I tillegg vil de få tilsendt ei bok om teikn-til-tale som er under planlegging. Me reknar med at boka er ferdig i løpet av neste år.

Dersom det er nokon fleire som vil melda seg på framover, får dei konferansen for kr. 250,-. Denne prisen vil ikkje inkludera boka og rabatt på neste konferanse.

Beste helsing
arrangementskomiteen

Tegn til tale

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Forskningsprosjektet "Teikn til alle i barnehagen" viser at over halvparten av barnehagane i Hordaland brukar teikn med ungane. Barnehagelærararane fortel at dei har positive erfaringar med å bruka teikn, og nokre barnehagar vel å bruka teikn til alle ungane for å inkludera alle og styrka språkopplæringa. Erfaringane viser at dei yngste borna får eit språk å uttrykka seg med før talespråket er utvikla. Det same gjeld og for fleirspråklege barn som lærer seg norsk som andrespråk i barnehagen.

Høgskulen på Vestlandet inviterer no til ein konferanse om bruk av teikn-til-tale i barnehagen. Korleis ein kan bruka teikn-til-tale i barnehagekvardagen blir formidla og diskutert. Konferansen vil vere ein møteplass mellom forskarar og barnehagetilsette med erfaring frå praksisfeltet.

På konferansen vil du få læra meir om korleis du kan bruka teikn-til-tale i barnehagen og kva utbytte barna kan ha av dette.


Høgskulelektor
Institutt for velferd og deltaking
Rådgivar
Høgskulen på Vestlandet