Norske historiedagar 2023

Velkommen til Norske historiedagar i Sogndal 8-10.september 2023

Norske historiedagar er den største nasjonale møteplassen for faghistorikarar i Noreg. Her treffast historikarar på tvers av sine fagfelt og interesser, og det er ein viktig fagleg og sosial arena for historikarlauget.

I år blir Norske historikardagar arrangert ved HVL campus Sogndal frå 8. til 10. september. Hovudtema er Krise og endring. Du finn naudsynt informasjon på felta nedanfor.

Påmelding åpner senere

Hovudtema

Hovudtema for Norske historikardagar 2023 er krise og endring. Kriser dominerer nyheitsbiletet, og slik har det vore ei stund. Dei mange krisene som vil følgje av menneskeskapte klimaendringar, pandemien, energikrisa og krigen i Ukraina, for å nemne nokre.

Innafor historiefaget har vi gjeve kriser ulik betydning. I nokre tilfelle har ein brukt dei til å forklare dramatiske brot, der heile samfunn har gått under utan å etterlate seg stort. I andre tradisjonar, som til dømes innan økonomisk historie, har ein sett på «kreativ øydelegging» som naudsynte innslag i ei dynamisk utvikling. Videre kan respons på kriser bli brukt som forklaring på endra utviklingslinjer, både på godt og vondt. Forteljingar om kriser er elles ein viktig del av ulike minnekulturar, og dei blir gjerne brukt til å legitimere maktstrukturar.

Alt i alt trur vi ikkje dette er eit tema som vil skape krisestemning innan det norske historikarlauget, og vi ser fram til interessante sesjonar og presentasjonar. Vi er sjølvsagt også opne for forslag som ligg utanfor hovudtemaet.

Førebels program

Informasjon kommer

Det blir mottakelse i kantina på campus Sogndal. Konferansemiddagen avholdes ved Quality hotell Sogndal. 

Informasjon om påmelding

Alle deltakarar må melde seg på konferansen og betale konferanseavgift. Konferanseavgifta kjem vi tilbake til.

Frist for påmelding er 1.august. 

Overnatting

Deltakarane må sjølv sørge for overnatting. For nokon kan det bli vanskeleg å reise til Sogndal på ein formiddag. For desse kan det vere aktuelt å overnatte frå torsdag den 7. september.

Arrangøren har avtalt med Quality Hotel Sogndal at dei skal halde av 50 rom frå 7. til 10. september, og 50 rom 8. til 9.september. Dette står ved lag fram til 7. august. Prisane er kr 1365,- for standard rom og 1680,- for superior (per person per natt). Bestilling på e-post q.sogndal@choice.no eller på telefon 57 62 77 00. Bestillingskode er 016932.

 

Har du spørsmål, ta kontakt med oss