Innmelding av faglege bidrag

Sesjonar: Forslag til ferdige sesjonar skal innehalde tittel, eit abstrakt på om lag 400 ord samt namn, stilling og institusjon for sesjonsleiar og kvar av deltakarane. Eventuelt tittel på kvart av innlegga. Vi har rekna med til saman ein time og 15 minutt på kvar sesjon.

Frittståande innlegg: Programmet er også opent for frittståande innlegg. Desse skal meldast inn som eit abstrakt på om lag 300 ord, samt namn, stilling og institusjon for innleiaren. Dei frittståande innlegga blir fordelt på eigne sesjonar av arrangøren. Eit innlegg bør ikkje vere lengre enn 25 minutt, inkludert kommentarar og diskusjon.

Postere: Desse skal leverast ved frammøte på konferansen, og blir så hengt opp av arrangøren på eit egna sted. Deltakarar som har med poster må melde dette under «merknader» i påmeldingsskjemaet. Eit poster bør ikkje vera større enn A0-format (120 x 84), og det bør innehalda tittel, forfattar(e) og referansar knytt til prosjektet bak posteret.

Ny frist for innmelding av faglege bidrag til historiedagar2023@hvl.no er 19. mai