
På konferansedagane
Velkomen til Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen! På denne sida har vi samla praktisk informasjon for deg som deltar på Norsk geologisk forening sin Vinterkonferanse 6. - 8. januar 2025. Vi ønskar deg ei god konferanseoppleving og eit godt opphald i Bergen.

Fullt program med parallelle sesjonar
Slik kjem du deg til campus Bergen
Campus Bergen ligg på Kronstad, sør for Bergen sentrum og like ved Brann stadion
Enten du kjem frå flyplassen eller Bergen sentrum kan du ta Bybanen til campus. Bybanen stoppar like ved høgskolen, og bybanestoppet heiter Kronstad.
Skal du frå sentrum til campus, er reisetida med Bybanen 10 minutt, og båe linjer kan nyttast. Reisetid frå flyplassen (Flesland) til Kronstad er 40 minutt, og heiter Linje 1. Last ned appen Skyss billett for å kjøpe billett.
På campus har Bergen bysykkel eit stativ med plass til 20 bysyklar.
Parkering i Bergen
Les meir om parkering ved campus Bergen.
Registrering
Registreringa finn stad i Storstuen, foajeen ved hovudinngangen til høgskulen, og er open frå kl. 08.00 mandag 6. januar.
Det vil og være mogleg å registrere seg frå kl. 08.30 dei andre dagane.
Posterutstilling
Dei som har fått antatt poster til konferansen er velkomen til å henge opp denne ved ankomst, i Storstuen (foajeen). Postertavler står klare til bruk fra og med fredag 3. januar.
Hugs å ta med posteren når du forlet konferansen!
Finn fram på campus
I det overordna programmet er alle lokasjonane klikkbare, og ved å klikke på dei kjem du til MazeMap, ei digital kartteneste som viser deg vegen.
K1 er bygget med høgblokka, og K2 er det nyare bygget nærast Kronstad bybanestopp. Programmet startar i K1 alle dagar, medan parallellsesjonane foregår i K2. Lunsj vert servert i K1 alle dagar.
Skal du presentere i parallellsesjon?
I alle rom er det mogleg å koble til eigen PC med HDMI-kabel eller tilsvarande ved hjelp av overgongar.
I tillegg rådar vi deg som skal presentere om å ha fila tilgjengeleg og via internett (på e-post til dømes) slik at du og kan nytte den stasjonære PC'en i rommet for å hente fram presentasjonen din.
Vi anbefaler bruk av mikrofon for best mogleg lyd.