Doktorpromosjon

Doktorpromosjonen ved HVL er ein årleg seremoni, der dei som er kreert som doktorar ved høgskulen siste året er hovudpersonar i ei høgtidleg feiring.

Den neste doktorpromosjonen vert halden torsdag 24. september 2026. Seremonien finn stad i auditoriet Mimes Brønn på campus Bergen, og vert etterfølgd av ei mottaking.

Doktorpromosjonen ved HVL 2025

Program doktorpromosjon 2025

 

Informasjon til publikum

Alle tilsette og studentar er hjarteleg velkomne til doktorpromosjon i Mimes Brønn.

Programmet byr på varierte kulturelle innslag av høg kvalitet, og taler i tillegg til sjølve diplomoverrekking.

Møt opp i god tid, og ver på plass seinast kl. 12:45. Seremonien startar kl. 13:00, og vil vare i omtrent 1,5 time. Dei første sju radene er reservert for rektorat, dekanat og doktorar. For øvrig er det frie sitteplassar.

Etter seremonien vil det bli arrangert ei mottaking i den nye loungen mellom kantinen og biblioteket i K1. Denne mottakinga er berre for doktorane og inviterte gjester.

For dei som ikkje har høve til å vera fysisk til stades, følg gjerne seremonien på stream.

Lenkja vil bli lagt ut på denne sida.

Informasjon til doktorane

Kven er doktorpromosjonen for?

Doktorpromosjonen ved HVL vert arrangert ein gong i året, campus Bergen. Promosjonen er for dei som har fullført doktorgraden (sidan førre promosjon). Nye doktorar vil få invitasjon i god tid før doktorpromosjon. Invitasjon vert sendt på e-post.

Kostar det noko?

Å vera med på doktorpromosjon og mottaking i etterkant er gratis. Dette gjeld både doktorar og gjester.

Prøvegjennomgang i forkant av seremonien

Sjølve promosjonen er nokså komplisert med innmarsj, merka sitjeplassar og utdeling av diplom i ei fast rekkefølgje. Dette er bakgrunnen for at du må vera med på informasjonsmøte og prøvegjennomgang i forkant av seremonien (same dag som seremonien vert halden). Du vil få informasjon om oppmøtetidspunkt.

Kan eg ta med familie og vener?

Du får invitasjon og online påmeldingsskjema der du kan registera inntil tre gjester.

Vert rettleiarane mine invitert?

Rettleiarar vert invitert av HVL via eigen invitasjon og påmeldingsskjema.

Fotografering

Gjester kan fotografera under seremonien, men med minst mogleg bruk av blitz. HVL sin eigen fotograf vil ta flotte bilete av seremonien og av kvar einskild doktor som mottek diplom. Det blir òg tatt fellesbilete av alle deltakarane i prosesjonen etter seremonien. Bilete vert gratis tilgjengeleg på nett i etterkant av seremonien.

Strøyming

Seremonien vert strøyma og kan følgjast av familie og vener som ikkje kan vera til stades.

Kor lenge varar seremonien?

Seremonien varar om lag 1,5 time. Etter seremonien er det fotografering av doktorane og mottaking med lett servering for alle påmelde gjester.

Antrekk

Under promosjonen vil høgskuleleiinga ha kapper. Doktorar stiller i pent antrekk.

Doktordiplom

Doktordiplom vert delt ut under seremonien. Om du ikkje kan møta på doktorpromosjonen, vil HVL senda doktordiplomet til deg i posten.

Portrettbilete

Kandidatar som ikkje kan vera fysisk til stades vil bli presentert på skjerm og stream under seremonien.

Me ber deg derfor om å senda eit portrettbilete, dersom du ikkje kan vera til stades ved seremonien.

Vær venleg og send bilete med høg kvalitet (minst 2000x2000 pixels) til medielab@hvl.no 

Om du ikkje har et bilete som passar, vær venleg å ta kontakt Medielab for å avtale fotografering i deira studio: medielab@hvl.no

Spørsmål?

Du kan ta kontakt med komiteen for doktorpromosjon på e-postadressa doktorpromosjon@hvl.no

Tidlegare promosjonar

Program og opptak frå 2024:

Program: Doktorpromosjon 19. september 2024 pdf.

Doktorpromsjon 2024


Program og opptak frå 2023:

Program: Doktorpromosjon 15. september 2023 pdf.

Doktorpromosjon 2023


Program og opptak frå 2022:

Program: Doktorpromosjon 9. september 2022 pdf.

Doktorpromosjon 2022

 

Doktorpromosjon 2022: Historisk doktorpromosjon ved HVL