WP4 Restaurering av myr

Hovudmål: Å forbetre metodar for å evaluere restaureringssuksess, og for å identifisere optimale restaureringslokalitetar under ulike klimaendrings-scenario.

Oppgåver

WP involverer faglege samarbeidspartnarar og SVV, Fylkesmannen i Vestland, og i Oslo og Viken, og Sabima. Vi vil modellere framtidig utbreiing av trua høgmyr i SØ-Norge, basert på eit eksisterande datasett med 471 førekomstar av slik myr. Framskrivingar av høgmyrene si utbreiing i framtida, under ulike klimaendrings-scenario vil støtte val av optimale stader for framtidig restaurering. Vi vil nytte nye teknikkar innan økosystem- og artsutbreiings-modellering, slik at vi identifiserer korleis høgmyr responderer på biologisk relevante klimavariablar, og andre landskapsparametrar.

Vi vil også samanlikne metodar for å estimera restaureringssuksess (eller tid til fullført restaurering, eit velprøvd mål). I dette arbeidet vil vi bruke dei beste tilgjengelege dataa frå langsiktige studiar av myrrestaurering. For å få tilstrekkeleg lange tidsseriar, vil vi inkludere tidlegare vegetasjonsregistreringar frå Noreg (starta i 1998 og 2014), og frå Skottland (starta i 1996 og 1998).

Vi vil samanlikna kvar godt ulike mål estimerer restaureringssuksess: multivariate utrekningar (basert på artssamansetting) versus enklare, univariate utrekningar (artsrikdom, total dekning av plantegrupper, og miljøvariablar). Vi vil analysere multivariate data ved hjelp av den nye ordinasjons-regresjonsbaserte tilnærminga ORBA, og univariate data med lineære blanda effekt-modellar.

Forskingsspørsmål

  • Kva blir den potensielle utbreiinga av høgmyr i Noreg under ulike klimaframskrivingar?
  • Kva er forventa tid til fullført restaurering av myr, og er univariate tilnærmingar like gode som meir komplekse tilnærmingar?
bilde av Knut Rydgren

Knut Rydgren

Prosjektleiar for Repeat og leiar for WP4