Kva godt har myra gjort for deg?

Repeat deltok på klimakonferanse for ungdom i Stad kommune.

Det var spørsmålet Inger Auestad og Knut Rydgren hadde sett som overskrift på ein workshop under til STADes – klimakonferanse for ungdom i Operahuset på Nordfjordeid 13.-14. november. Her samla Stad kommune, ein av samarbeidspartnarane i Repeat, over 350 elevar frå vidaregåande skular,  folkehøgskule og ungdomsskule til felles fokus på grøn omstilling i eigen kommune.

Workshopen bestod av ein blanding av presentasjonar, rekneøvingar og eit praktisk eksperiment. Her innleier Inger Auestad om korleis myr kan bli skada av t.d. barmarkskøyring (foto: Knut Rydgren).

Tjueto av dei deltok på workshop i regi av Repeat. Her var målet å undersøke kva slags tenestar myra gjev til oss menneske, med spesielt blikk på karbonlager og vassregulering.

Vi rekna saman ut det totale karbontapet frå utbygginga av den 625 dekar store høgmyra Bjørkemåsan i Nannestad kommune, som bachelor- og masterstudentar frå HVL har kartlagt tidlegare. De fleste elevane var einige i at dette inngrepet, som førte til eit karbontap tilsvarande det årlege utsleppet til 26 500 nordmenn, var lite smart.

Elevane gjorde i tillegg eit praktisk eksperiment for å samanlikne skada myr (t.d. myr som har blitt køyrt opp av barmarkskøyring) og intakt myr (med sunn og levande torvmose på overflata). Held dei like godt på vatn når det regnar som verst, og korleis påverkar myra sin tilstand lekkasje av karbon ut i drikkevatn? Måling og samanlikning viste at den intakte myra jamt over fungerer betre enn den skada.

To enkle myr-modellar. Til høgre den intakte myra, med mykje levande torvmose, og til venstre den skada myra, med mykje daud torvmose (foto: Knut Rydgren).

Elevane gjorde ein god innsats både i utrekning og i det praktiske eksperimentet. For oss i Repeat var det lærerikt å teste eit undervisningsopplegg under utvikling. Vi ser fram til å arbeide vidare med dette i tida framover, i lag med studentar, elevar, og ViteMeir.