
Som Øyer i Ørkenen – Ein modell av den seinantikke Silkevegen forstått som lagvise nettverk
Forskingsprosjektet «Som Øyer i Ørkenen» (SilkRoMo) arbeidar med å utvikle eit nytt teoretisk rammeverk for å forstå Silkevegen. Prosjektet fokuserer særleg på nettverk og på rolla til statane som låg langs sjølve Silkevegen. Grunnlaget for arbeidet er fem komparative case studiar, som ser på Kroraina, Kucha, Rob, Palmyra/Dura-Europos og Turfan.
Presentasjon av prosjektet
Prosjektet «Øyer i Ørkenen» (SilkRoMo) søker å tenkje nytt rundt det store handelsnettverket kalla Silkevegen som batt saman Europa, Asia og Afrika frå antikken til tidlegmoderne tid. Ofte blir Silkevegen framstilt som eit nettverk mellom aust og vest, knytt saman av ruter mellom mindre stadar, byar og kongedømme. Silkevegen er også ofte trekt fram som det fremste eksempelet på ein tidleg globaliseringsprosess. Men sjølv om viktigheita av Silkevegen ofte blir understreka finst det få systematisk studiar av korleis handelsnettverket opererte i praksis, og lite er blitt sagt om rolla til stadane langs ruta, øyene i ørkenens hav.
SilkRoMo-prosjektet vil bøta på denne kunnskapsmangelen ved å gjennomføre ein komparativ studie av fem stadar frå den seinantikke perioden, kongedømmet Kroraina (Kina), kongedømmet Kucha (Kina), kongedømmet Rob (Afghanistan), byane Palmyra og Dura-Europos (Syria), samt fleire kongedømme i og rundt Turfan. Funna vil bli brukt til å teste og vidareutvikle ein ny analytisk modell for å forstå og beskrive Silkevegen, ein «lagvis nettverksmodell». Denne modellen tenkjer seg Silkevegen som eit nettverk bygd opp av samanvevde nettverk, mange mindre og nokre større. Lokale nettverk blei skapt av lokale behov men skapte infrastruktur og institusjonar som mogleggjorde større, regionale og inter-regionale nettverk. Dette rammeverket søkjer soleis a) å famne både store og små aktørar, lokale så vel som regionale, b) å fange mangfaldet i nettverka som inngjekk i Silkevegnettverket, c) å systematisk beskrive infrastrukturen og institusjonane som gjorde reise og kommunikasjon mogleg.
Ved å kombinere detaljerte komparative studiar av stadar og statar ofte sett som sentrale i Silkevegnettverket med nye perspektiv og teoretiske nyvinningar søkjer SilkRoMo-prosjektet soleis å fornye tenkinga rundt Silkevegen. Resultat frå prosjektet og nye perspektiv vil også bidra inn i debatten rundt tidlege globaliseringsprosessar og handel i antikken meir generelt.
Prosjektdeltakarar
Prosjektpartnarar
- Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
- University of Kyoto, Institute for Research in Humanities
- University of Wales Trinity Saint David