I år er det den tidlegare HVL-studenten Even Engevik, under artistnamnet Look Out Louie, som skal på campusturné. I Bergen spelar han i Global Lounge som ein del av studenttorget.
Look Out Louie er tufta på ærlege tekstar, sofistikerte melodiar og eit organisk gitardriv. Musikken rører seg i indierock- og powerpop-landskapet og nikkar i retning The Kooks, Big Star og Sondre Lerche. Debutsingelen November Nights vart følgd opp av ein energisk konsert på 100 Dagar i vår. På campusturnèen får vi høyre songar frå den komande plata.
Sjølv seiar artisten at mykje av katalogen vart til under studenttida, og fleire av låtane spring ut av kvardagen i Bergen. Han seiar vidare at "det var til dømes medan eg budde rett ved høgskulen at eg skreiv ein låt om ein viss nabo som kasta brustein gjennom soveromsglaset mitt ein kald januarmorgon i fjor. Den kjem søvsalgt på setlista."
Vel møtt til konsert.
Høyr musikken til Look Out Louie på Spotify