Kvart år sender vi frå oss nyutdanna ingeniørar og teknologar ved Høgskulen på Vestlandet. Har du lyst til å møte dei og sjå kva dei har skrive oppgåver om?
11. juni stiller studentane ut oppgåvene sine ved campus Førde og det blir også presentert forsking frå robotikkmiljøet. EXPO byr på spennande utstillingar og presentasjonar av det studentane har jobba med i løpet av året.
Under avslutningsseremonien på kvelden blir dei beste utstillarane kåra og premiert.
Arrangementet er ope for alle interesserte.
Velkommen!
Program
13.00: Presentasjonar av forskingsarbeid frå scena. Enkel lunsjservering for frammøtte gjester.
- Ronnie Attema presenterer «Kaos og usikkerheit i hydrometeorologiske modellar»
- Daniel Schäle presenterer «Frå store språkmodellar til grunnmodellar for robotar»
- Frederico Belmonte Klein presenterer «Wearable Visual Inertial Odometry for real-time measurement of human movement».
14.00: Offisiell opning av EXPO 2026. Studentar og forskarar står på stand
- Studentoppgåvene kjem frå både elektro, byggfag, informasjonsteknologi og master i anvend datateknologi.
16.00: Takk for i dag!