
Faglunsj: Korleis kan vi formidle historie gjennom teikning?
Illustratør og teikneserieskapar Therese G. Eide viser korleis teikning og forteljing kan gjere historie engasjerande. Under Landslovsjubileet utvikla ho opplegget Er det lov?, der ho formidla Magnus Lagabøtes Landslov til skulebarn, og inviterte dei til å reflektere og ta del i samtaler kring temaet.
I dette føredraget teiknar Therese live og fortel korleis ho utforma opplegget og tilpassa det undervegs for å skape engasjement. Om du vil verte inspirert til å formidle historie på ein kreativ måte, er du hjarteleg velkomen til biblioteket!

Therese lagar teikneseriar og illustrerer bøker. Ho har bakgrunn frå historie og arkeologi og erfaring som omvisar ved Håkonshallen i Bergen.

Illustrasjonar: Therese G. Eide
Arrangementet er i samarbeid med Vestland fylkeskommune:
